Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fysioterapeutar med rettleiing til trimmarane

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. april 2024

Sist tysdag hadde «dametrimmen» besøk av fysioterapeutane Martin Berg Hansen og Marit Nordvik Betten, og i dag var det «kaffekrokens venner» sin tur til å få besøk med rettleiing frå fysioterapeutane. 

Fysioterapeutane var imponert både over oppmøtet og det positive initiativa damene og «gubbane» hadde teke for å halde seg i form gjennom treninga på Hett & Svett. 

Ivrige trimmarar under kyndig rettleiing. Foto: Anders Mo

Både på «dametrimmen» og på dagens trim for «kaffekrokens venner» rettleia dei to fysioterapeutane ei lydhør og lærevillig forsamling med trimmarar. Vi ser ikkje bort i frå  at dei to kjem att seinare for å sjå korleis utviklinga til trimmarane har vore?  

Publisert: 15. april 2024, 18:55