Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Bonuskonsert» på Surnadal kulturhus laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. april 2024

Laurdag 20. april klokka 19:00 kjem Teatret Vårt med si humoristiske hylling av Norsk sangbok til Storstuå på Surnadal kulturhus. Før teatret blir det ein minikonsert i foajeen på kulturhuset klokka 18:30.

Norsk sangbok hadde premiere sist helg og Surnadal kulturhus er først ute på turneen rundt om i fylket. Ja, akkurat denne forestillinga frå Teatret Vårt går berre i Surnadal og Kristiansund på Nordmøre.

Norsk sangbok. Foto: Tingh

Romsdals Budstikke var på premieren og trilla ein 5-ar for det dei omtalar som både ein konsert og ei komedie, med «et forunderlig og absurd lett-dykk i den norske sang-skattekista».

Før dei entusiastiske skodespelarane inntek scena på kulturhuset, vil skulekoret på folkehøgskulen varme opp i foajeen frå klokka 18.30 med tre songar for alle som vil høyre på.

Norsk sangbok. Foto: Tingh

Her finn du meir om sjølve stykket, med både program og kva songar som blir framført teatretvart.no/program/norsk-sangbok/

Publisert: 18. april 2024, 18:00