med «Haustlys»
Laurdag 21.november klokka 13:00 opnar Surnadal Kunstforening si utstilling «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Utstillinga er opa fram til søndag 6.desember, , todalingen Sissel Halset Storslett er ein av utstillarane.
Vi fann 2403 artiklar i dette arkivet.
Laurdag 21.november klokka 13:00 opnar Surnadal Kunstforening si utstilling «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Utstillinga er opa fram til søndag 6.desember, , todalingen Sissel Halset Storslett er ein av utstillarane.
I dagens Klassequiz, som vart send på NRK1 Møre og Romsdal no klokka 14:30, oppnådde laget frå Surnadal ungdomsskule 8 poeng. Laget bestod av Jannicke Valstad Stenberg, Kvanne, Arne Berg, Vindøla og Martin Kvande Talgø, Todalen.
Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei seks junior- og seniorane i klubben sine prosjekt.
Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei åtte aspirantane i klubben sine prosjekt.
Det planlagde møtet i Indre Nordmøre senioruniversitet med Audun Aas om «Smertelindring» på Surnadal kulturhus torsdag 12.november er avlyst/utsett grunna Koronarestriksjonane.
Onsdag 18.november kl. 18:00 inviterer Møre og Romsdal fylke og Surnadal bibliotek alle til biblioteket på Surnadal kulturhus. Då kjem forfattaren Chris Tvedt på besøk. Tvedt er fødd i 1954 og kjem frå Bergen. Han er studert jus og litteraturvitenskap ved UiB. Han jobba som advokat fram til 2005, men har sidan da vore forfattar på heiltid.
Årets klassequiz er godt i gang, og neste veke er det laget frå Surnadal ungdomsskule som skal i aksjon, Korleis det går med dei kan du høyre på NRK1 Møre og Romsdal onsdag 11.november klokka 14:30. Surnadal ungdomskule sitt lag består i år av: Jannicke Valstad Stenberg, Kvanne, Arne Berg, Vindøla og Martin Kvande Talgø, Todalen. Klassequizen er ein spørjekonkurranse for 10.årstrinn, der alle ungdomskulane over heile landet deltek med kvart sitt lag. I år er det i alt 623 skular som er påmeldt Klassequizen.
Laurdag 7.november skulle det ha vore haustfest i Start 4H. På grunn av Koronasituasjonen og at det etter alt å dømme kjem nye smitteverntiltak denne veka, har styret i klubben vedteke å avlyse haustfesta i år. I staden vil kvart medlem få presentert oppgåva si digitalt på Todalen.no.
Måndag kveld var det tid for ei oppsummering av fotballsesongen 2020 for laga til Søya/Todalen. Fotballgruppa i I.L. Søya hadde invitert trenarar og lagleiarar til klubbhuset på Søyabanen til eit oppsummeringsmøte for å hauste erfaringar frå årets sesong, og samtidig sjå framover til neste sesong. Sesongen 2020 vart sterkt prega av Koronasittuasjonen, og det er grunn til å tru at denne situasjonen òg vil påverke komande sesong.
I 2020 er det 40 år sidan Hans Rotmo gav ut plata «Vårres Jul». Rotmo har altså i 40 år gleda det norske folk med sine folkelege juletekster gjennom sitt underfundige univers av rollefigurar. 40-årsjubileet for utgjevinga av «Vårres Jul» blir markert med konsert med Rotmo og Sommerro på Surnadal kulturhus torsdag 19.november klokka 19:00.
Det har gått 10 år sidan Erik Mogeno kom på 2.plass i Norske Talenter og bestemte seg for å leve av underhaldning. Laurdag 7.november klokka 15:00 kjem han til Surnadal kulturhus med jubileumsframsyninga10 år med Erik & Kalle. Her får vi oppleve Erik sine mest populære buktalarkarakterar som: rotta Geir, strutsen Erna, grinebitaren Kjell og ikkje minst den spydige kaninen Kalle.
Todalen Idrettslag skal frese bort stubbane som står att etter bjørkene som stod på yttersida av fotballbanen på Bordholmen. I samband med dette kjem firmaet Varnes Drift frå Midsund på synfaring i morgon, laurdag 31.oktober.