Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Viktig informasjon til alle med kabel-TV frå Svorka

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. februar 2021

I dag vil alle som har TV via Svorka sitt kabel-TV nett, i Surnadal kommune, få ei tekstmelding. Her blir vi informert om at Svorka skiftar frå Telenor til Telia som TV-leverandør dei neste fem åra. I tekstmeldinga blir vi og informert om at vi i samband med denne omlegginga vil få tilsendt ny dekodar mot slutten av neste veke. Dette gjeld for alle kabel-TV kundar i Surnadal kommune.  

Svorka, saman med fleire andre nettselskap, har saman forhandla fram ein ny avtale med Telia. Sylvia Stokke i Svorka, fortel at avtalen vil bety eit betre tilbod for kundane, spesielt for dei som brukar strøymetenester. I tillegg kan ho fortelje at dekoderleiga blir litt billigare enn i dag. Dei nye dekodarane har ikkje opptaksfunksjon, men opptak kan gjerast via Telia Play-appen mot eit pristillegg på kr. 99,- pr. månad. Dette er ei såkalla skybasert teneste, noko som inneber at du kan sjå opptaka dine på mobil, nettbrett eller TV-en, alt etter eige ønske. Du kan og laste ned inntil 500 timar med underhaldning og sjå dette utan å vere tilkobla internett. Dekodaren har innebygd Chromecast som er ei straumeteneste som gjev tilgang til eit «univers» av underhaldningstenester.    

Når du mottek den nye dekodaren kan du skifte ut den gamle dekodaren med ein gong, eller vente litt. Den første månaden har fri leige av dekodaren, og denne friperioden tek til frå den dagen du aktiverer dekodaren. Du må hugse å seie opp eventuelle leige av gamal dekodar hos Telenor og å seie opp eventuelle tilleggskanalar du leiger direkte frå Telenor, då desse ikkje blir tilgjengelege i den nye dekodaren. Når det gjeld oppseiing av gamal dekoder kan Svorka hjelpe deg med dette, fortel Stokke. Eventuelle tilleggskanalar må du sjølv seie opp direkte til Telenor. 

F.v. Håkon Solvik og Sylvia Stokke frå Svorka saman med Synnøve Kristiansen og Gunnar Furu frå SuCom. Foto: Svorka

Når du får den nye dekodaren og skal installere denne, er det særs viktig at du følger instruksjonane i det vedlagte informasjonsskrivet frå Svorka, som ligg i boksen med dekodaren, og ikkje brukar instruksjonsboka som høyrer til dekodaren. Om du treng hjelp til å montere dekodaren, kan du ta kontakt med Svorka på telefon 979 12 222 eller via Kontakt oss, fortel Stokke vidare. 

Laurdag 20.februar, i tidsrommet 11:00 – 15:00, vil Svorka ha ein «kononatilpassa» stand utanfor Johansen Conditori, på ALTI Surnadal. Her vil Svorka ha folk som kan svare på spørsmål om overgangen frå Telenor til Telia og som kan svare på ting du lurar på i samband med overgangen, avsluttar Stokke. 

For meir informasjon om overgangen frå Telenor til Telia kan du lese ved å trykke på lenka: Frå Telenor til Telia 

Først publisert: 12. februar 2021, 12:52 - Sist oppdatert: 13. februar 2021, 08:16