Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa tursti – fine turforhold

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. februar 2021

Driftsstyret vinteranlegg i Todalen Idrettslag har køyrt opp skispor og turveg i traseen til Toåa tursti. På den eine sida er det skispor, medan det på den andre sida er trase for gåing, med eller utan truger. Så akkurat no kjempefine for alle typar turaktivitet i turstien. Da vi tok turen i dag, var det kjempefine forhold med sol, som faktisk varma litt, sjølv om gradestokken viste -12.

Dordi Ingeborg Finborud nytta høvet til å ta ein skitur i dei fine løypene. Foto: B G Ansnes

Vi tok turen til fots utan truger, og det var lett å gå utan å gå igjennom. Så her har du eit fint turalternativ. Om ein vil kan ein ta ein stopp ved gapahuken ved Båthølen og kose seg i finvêret! Så ein kan trygt seie at turstien er eit fint alternativ, både sommar og vinter, for å få seg ein fin tur i frisk luft. 

Gapahuken ved Båthølen bada i sol. Foto: B G Ansnes

Driftsstyre vinteranlegg i Todalen Idrettslag har og køyrt opp løyper fleire stadar i nerbygda, så akkurat no er det mange moglegheiter for å få seg ein skitur i nypreparerte løyper. 

Toåa tursti er eit fint turalternativ òg på vinteren. Foto: B G Ansnes

God tur!

Publisert: 6. februar 2021, 13:20