Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feira at sola er komen og «samefolkets dag»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. februar 2021

I dag feira Todalen oppvekstsenter at sola har kome att, samstundes som dei feira «samefolkets dag», sjølv om den først er i morgon, 6.februar. Mellom den 6.november og 5.februar er sola borte ved oppvekstsenteret, så i dag var det stor glede da sola viste seg for første gong på knappe tre månader. 

«Samefolkets dag» blir feira av samar i Norge, Sverige, Finland og Russland, og vart feira første gong i 1993, samtidig som FN sitt internasjonale urbefolkningsår vart offisielt innleia i Karasjon. Valet av den 6.februar har sitt utspring i at dette var første dag på det samiske landsmøtet i 1917. 

Elevane hadde laga eiga sol, i fall sola ikkje skulle dukke opp. Foto: Britt Mossing

Elevane i 5-7.årstrinn baka Gahkko (samisk brød) og kokte Bidos (samisk suppe). 

Nicole, Nils Erik og Tor Asbjørn har laga rapport frå dagens feiring. Den kan du lese her:  Feiring av «samefolkets dag»

 

 

 

 

 

Først publisert: 5. februar 2021, 17:21 - Sist oppdatert: 8. februar 2021, 07:21