Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fint på skeiseisen på Bordholmen i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. februar 2021

I dag var det stor aktivitet på skeiseisen på Bordholmen i «mildvèret», ja mildvèr samanlikna med temperaturen som har vore dei siste vekene vel og merke! Men ikkje for det, aktivitetet har vore stor heile tida, sjølv om gradestokken har vist ned mot -15-18 grader i lang tid. Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe gjer ein kjempeinnsats for å halde skeiseisen på Bordholmen stadion i tipp-topp stand. 

Det er no og laga curlingbane på skeiseisen som ungane fekk prøve. Det var ein populær aktivitet. 

I tillegg til fine skiløyper i lysløypa på Tjønnmyra har Todalen Idrettslag sitt driftsstyre – vinteranlegg òg køyrt opp skispor både i Toåa tursti og fleire andre plassar i nerbygda. Rundt Bordholmen stadion er det og laga skispor. 

Så her er det mange alternativ for aktivitetar i det fine vintervèret. Under finn du nokre bilete frå dagens aktivitet på Bordholmen. 

Publisert: 13. februar 2021, 17:14