Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokale ringverknader av utbrot av muttert koronavirus i Trondheim

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. februar 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i kveld får vi ei oppdatering om lokale smitteverntiltak i samband med at den smittsame virusvarianten frå Storbritannia er påvist i Trondheim. Det dreier seg om påviste spreidde utbrot ved fleire handelssenter i Trondheim.  

To husstandar i karantene

To husstandar i Surnadal er sett i karantene som følge av desse tiltaka. I tillegg har ein norsk gjestearbeidar gjennomgått kananteneopphald i Surnadal, men utan at det vart påvist smitte. Vedkommande er no sjekka ut. 

Surnadal kommune følger opp personane som er sett i karantene med testing og kartlegging ag mogleg smittesituasjonar for å oppretthalde kontroll over situasjonen. 

Surnadal kommune rår folk frå å reise til Trondheim, Austlandet og Bergen, med mindre dette er strengt nødvendige. 

Kommuneleiinga legg stor vekt på, i det lengste, å få utbrot av det muterte og meir smittsame koronaviruset i kommunen. Difor oppfordrar dei innbyggarane til å handle lokalt og å unngå reiser til Trondheim, Austlandet og Bergen som ikkje er strengt nødvendige. 

Dette gjeld inntil utbrota er under kontroll. 

Meir informasjon finn du her: Koronaviruset i Surnadal kommune

Publisert: 11. februar 2021, 20:53