Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konfirmantundervisning med filmopptak

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. februar 2021

Tysdag ettermiddag var det konfirmantundervisning med filmopptak i Todalen kyrkje. Til vanleg har konfirmantane i Todalen og Stangvik sokn konfirmantundervisning kvar for seg, men denne gongen hadde dei felles undervisning. Bakgrunnen for dette var at det skulle gjerast filmopptak av ei «mini» gudsteneste der konfirmantane skulle delta. Gudstenesta kan du sjå frå klokka 11:00 søndag 21.februar. Vi vil her på Todalen.no legge ut link til gudstenesta klokka 10:45 søndag den 21.februar. 

Sokneprest Kristin Strand saman med konfirmantane. Foto: B G Ansnes

Konfirmantane bidrog med mellom anna lesing og song under gudstenesta som vart filma i ettermiddag.

I Stangvik sokn er det i år seks konfirmantar: 

  • Ida Mo
  • Anders Trønsdal Røen
  • Synne Kvendset Fiske
  • Synnøve Nordvik
  • Knut Tore Kvande
  • Liv Nes Kvande

I Todalen er det tre konfirmantar:

  • Johan Ranes
  • Edel Therese Karlsen
  • Van Adrian H. Ansnes

På grunn av koronasituasjonen har konfirmantundervisninga, så langt, vore litt «amputert», men konfirmantane har møtt til undervisning nokre dagar etter skuletid, der sokneprest Kristin Strand har undervist dei. Dei har òg vore med og lest under gudstenestene i fjor haust. Dette skal dei òg fortsette med når det blir opna for gudstenester att. 

Elles har det vore arrangert pilgrimsvandring 17.9 og 22.9.20, der  alle konfirmantane var med ein av dagane. Helga 25. – 27.9.20 var det konfirmantleir på Mjuklia Gjestegård på Berkåk i Rennebu kommune. Her var alle konfirmantane frå Surnadal og Rindal kommunar invitert til å delta. 

Før filmopptaka tok til i ettermiddag fekk onfirmantane ei kort orientering om opplegget av sokneprest Kristin Strand. Etterpå fekk dei tildelt oppgåvene dei skulle bidra med under sjølve gudstenesta. Organist Ronny Kjøsen og kyrkjevaktmeister Oddvar M. Væge veksla på å vere kamramenn, samstundes som dei gjode sine vanlege gjeremål.

Så da er det berre å gle seg til søndag 21 februar, når vi kan få sjå det ferdige produktet frå dagens opptak. 

Ogranist Ronny Kjøsen og Kyrkjevaktmeister Oddvar M. Væge var kamramenn. Foto: B G Ansnes

 

Publisert: 10. februar 2021, 07:00