Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2363 artiklar i dette arkivet.


Svorka og Surnadal Sparebank – stenger dørene for publikum inntil vidare

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. januar 2021

Som følge av dei nye nasjonale smitteverntiltaka Regjeringa kunngjorde i går ettermiddag har både Svorka og Surnadal Sparebank stengt dørene for fysiske besøk inntil vidare. All kundekontakt går difor føre seg digitalt eller via telefon. Surnadal Sparebank vil i perioden dørene er stengde utvide opningstida på telefon fram til 21:00 på kvardagskveldar.


Surnadal kommune – Nye nasjonale smitteverntiltak

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. januar 2021

Seint i ettermiddag kom Regjeringa med nye nasjonale smitteverntiltak i samband med  Covid19. Dei nye smitteverntiltaka gjeld frå og med i morgon, måndag 4.januar. Dette inneber mellom anna at alle ungdoms- og vidaregåande skular over heile landet blir plassert i raudt beredskapnivå. Dette inneber mellom anna til at 9.årstrinn ved Surnadal Barne og Ungdomskule ikkje skal møte på skulen, men ha heimeundervisning. 


Hett & Svett opnar att måndag 4.januar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. januar 2021

Todalen Idrettslag melder at Hett & Svett opnar dørene att frå og med måndag 4.januar, etter å ha vore julestengt i eit par veker. Samstundes utvidar dei opningstida til å gjelde måndgar, onsdagar og fredagar, men ein må framleis ha nøkkelkort for å kome seg inn og ein må booke tid. Det er òg grunn til å understreke at det ikkje kan vere meir enn tre personar samtidig, og at personar som er sjuke eller er i karantene ikkje KAN trene medan dei er sjuke eller er i karantene. Elles må kunngjorte reglar følgjast fullt ut!


Stor aktivitet for både store og små

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. januar 2021

Da vi var innom på Bordholmen no på tidleg ettermiddag var det full aktivitet på og rundt skeiseisen på Bordholmen. Både store og små kosa seg på skeiseisen. Ved klubbhuset var det fyrt opp i bålpanna, og her var det ferdiggrilla pølser for den som ville ha, eller berre rett og slett stå der ei lita stund for å få i seg varmen. 


Fine forhold på skeiseisen på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. januar 2021

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder om fine forhold på skeiseisen på Bordholmen. Det er meldt kaldvêr framover og Barne- og ungdomsgruppa vil difor preparere skeiseisen i dagane framover. Så da er det berre å ta fram skeisene og ta seg ein tur på Bordholmen i det fine vintervêret!


Framleis nokre thermodrikkeflasker for sal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 31. desember 2020

Økonomi og markedsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det framleis er nokre thermodrikkeflasker att for sal. Om du er interessert i å kjøpe, kan du ta kontakt med:

Ingunn Mikkelsen, på telefon: 918 29 206 eller
Jenny Stensby, på telefon 416 24 991 


Jo Gjeldnes – Julegåva som vart ein luftig hobby

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. desember 2020

Jula 1991 fekk Jo Gjeldnes eit rosa klatretau med sele av Gunnar Nordvik til jul. Det vart starten på ein luftig hobby. Gunnar hadde sjølv allereie klatra litt og hadde teke fleire kurs, både i klatring og sikring. Frå etterjulsvinteren 1993 tok han med seg Jo Gjeldnes, Rune Halset, Gudmund Kårvatn og Ingvild Kårvatn, på klatring rundt om kring. På vinteren var det klatring innomhus i Surnadal og Rindal. Når våren kom vart klatringa flytta utomhus. Gunnar fekk laga klatreveggar på vestveggen på redskapshuset på Bordholmen og på siloveggen på Kårvatn. Her fekk Jo, Rune, Gudmund og Ingvild lære både å klatre, og ikkje minst å sikre kvarander under klatringa. Frå våren og utover vart klatringa flytta til forskjellege fjellveggar, og vart både luftigare og ikkje minst meir utfordrande. 


OPPDATERT – PÅMELDING til Nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. desember 2020

Torsdag 31.desember klokka 16:00 blir det nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Kristin Strand  medan Ronny Kjøsen er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet, Vipps 506908. Nye smittevernreglar gjer at det likevel må vere påmelding til nyttårskveldsgudstenesta, slik det var på julekveldsgudstenesta. 


Ei lita oppsummering av storviltjakta 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. desember 2020

Onsdag 23.desember, ved midnatt, var årets storviltjakt slutt. Så no blir det pause fram til den 1.september for storviltjegerane. Dei oppdaterte tala syner at det i Todalen er skote    totalt 60 dyr. Det er skote 40 hjortar, 5 elgar og 15 rådyr. Dei tilsvarande tala i 2019 var 35 hjort, 2 elgar og 13 rådyr. Det betyr at det i år er skote totalt 10 dyr meir enn i fjor. 


Kjempefine forhold på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. desember 2020

Frå anleggsleiar på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, har vi fått opplyst at det no er nypreparerte løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Han seier det er kjempefine forhold og at sporet er som «trikkeskinner». Så da skulle det vere skikkeleg fine forhold for ein skitur no i romjula. 


Ny og spennande epoke for Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå

Stig Husby Fredag 25. desember 2020

Ekteparet Palmer og Anna Britt Vikan overtok begravelsesbyrået fra Ragna og Ivar Meisingset i 2014, som starta opp Surnadal og Rindal begravelsesbyrå i 1978. No 42 år etter oppstarten så er ein ny og spennande epoke klar. I løpet av vinteren neste år er det Bjørn Vevang som overtek ansvaret for drifta vidare. Bjørn kjenner dei fleste som organist i kyrkja, men no vil fleire stifte bekjentskap med Bjørn som representant og dagleg leiar i begravelsebyrået.


Pepparkakehus – reis deg

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. desember 2020

Bygging og pynting av pepparkakehus er ein vanleg førjulsaktivitet rundt om. Tysdag kveld hadde Marit Ingeborg invitert to av søskenbarna sine, Van Adrian og Jens Sancho, til «Bygge-dugnad» på langbordet i Øya. Pepparkakehuset var eit «elementbygg», ikkje frå TalgøMøretre denne gongen, men frå Matkroken Todalen.