Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinviks arboret inviterer til vårdugnad

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. april 2021

Svinviks arboret inviterer til vårdugnad torsdag 6.mai klokka 18:00. Arboretet håper på godt oppmøte til ei triveleg arbeidsøkt for å gjere hagen klar til sesongen.

Ta gjerne med eigne redskap, som rive og hagesaks er mest aktuelt.

Vi byr på enkel og smittevernvenleg kaffeservering, utandørs. Alle som deltek får også ein sesongbillett til arboretet.

Sjølv om vi har god plass og mykje frisk vårluft gjeld smittevernreglane òg her, så vi ber alle om å hugse å halde tilstrekkeleg avstand til kvarandre både i arbeid og pausåmelding er ikkje nødvendig, men alle oppmøtte blir registrerte, i tilfelle smittesporing.

Publisert: 29. april 2021, 17:10