Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rute 46: Kvanne – Rykkjem med nye ruter frå 24.april

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. april 2021

Som ein direkte konsekvens av utvaskinga av sjøbotnen ved den Rykkjem fergekai, blir det frå og med laurdad 24.april og ut juni lengre overfartstid og færre avgangar i fergesambandet Kvanne – Rykkjem. Dykkarinspeksjonar har nemleg kartlagt at utvaskinga av sjøbotnen på Rykkjem fergekai aukar. Difor må overfartstida aukast, slik at ferga kan bruke mindre motorkraft og lågare fart når den legg til kai på Rykkjem. Dette skal minske belastningane på sjøfyllinga fram til ho er sikra. 

Færre avgangar

Konsekvensen av at ferga skal bruke lengre tid over fjorden i denne periode, er at det blir færre avgangar i sambandet. Møre og Romsdal fylkeskommune er allereie i gang med utbetring av kaia på Rykkjem. I tillegg tek første del av sikringa på Kvanne ferjekai til i juni. Perioden med færre avgangar i sambandet vil vare ut juni. 

Rutetider 24. april – 30. juni

Dei nye rutetidene er tilpassa avgangstidene for bussane som trafikkerer sambandet. Trykk på lenka for å sjå dei nye rutetidene i denne perioden: Fergerute 46 – Rutetider 24.april – 30.juni

Normale ruter i juli

I juli blir det igjen vanleg rutetilbod i sambandet. I august tek sikringa av sjøbotnen ved Kvanne fergekai til. Dette gjer det naudsynt med stenging av sambandet frå klokka 21:00 på kvelden i tre veker. Når dette arbeidet er ferdig, har båe kaiene fått ei kraftig oppgradering.  

Publisert: 22. april 2021, 13:54