Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk UT! oppstart laurdag  1. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. april 2021

Nedteljinga til 1.mai og oppstart av ein ny Stikk UT!-sessong har vore i gang i lang tid. Frå laurdag blir det mogleg å registrere kodar att, og det meste skal vere på plass, melder Nordmøre og Romsdal friluftsråd i ei pressemelding tysdag kveld. 

Friluftsråda har mange frivillige som den siste tida har vore ute og sett opp skilt og turkodar. 

Stikk UT! blir stadig utvida, og frå og med i år blir og Herøy kommune med som ny deltakarkommune med 15 nye turmål. Stikk UT! har turmål i desse kommunane på Nordmøre og i Romsdal: Aukra, Aure, Averøy, Gjemnes, Heim, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Smøla, Sunndal, Surnadal, Tingvoll og Vestnes. 

Sunnmøre friluftsråd har og mange fine turmål å by på. Desse turmåla finn du i Stikk UT!-appen eller på stikkut.noLokalt her i Todalen er det Svinvikrunden og Rundtur om Tjønnmyra som er med som Stikk UT! turmål. 

Mange turar med utsett opning

På grunn av snø er det mange turar som dessverre ikkje kan opnast 1.mai. På dei fleste av desse er turkoden heller ikkje på plass enno, og det er uansett ikkje råd å registrere turane før dei opnar. Friluftsråda ber turgåarane ta omsyn til dette og oppmodar alle om å sjekke opningsdato i turforklaringa på nettsida stikkut.no eller i Stikk UT!-appen. Vent med å gå desse turane til turmålet er opna.

Tryggleiken kjem alltid først, dirfor ventar friluftsråda med å legge ut kodar høgt til fjells der det framleis er myke snø. Somme stader kan det òg vere fare for ras. På nokre turar er det òg nødvendig å utsette opninga til stien har fått tørke opp, for å unngå unødvendig stor slitasje i ein sårbar periode.

Covid 19 omsyn

Koronapandemien har dessverre ikkje sleppt taket enno. Friluftsråda ber difor om at alle følgjer dei til ei kvar tid gjeldande forskriftene frå kommunar og regjering. Fram til 9. mai oppmodar friluftsråda spesielt folk i Ålesund, Sula og Giske om berre å gå turar i eigen kommune. Generelt oppmodar dei folk òg i andre kommunar, som opplever smitteutbrot, om ikkje å reise til andre kommunar før smittesituasjonen er under kontroll.

Trass i dette, er det mykje godt i vente for alle som vil delta i årets Stikk UT!-sesong: I alt 470 turar i heile fylket ventar på besøk det neste halvåret, og her er turar for alle. Du finn dei på stikkut.no og i Stikk UT!-appen, i tillegg til i kartbrosjyren som kjem i posten denne veka. Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal ønskjer alle mange flotte naturopplevingar dei neste månadane!

Den felles Pressemeldinga frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd og Sunnmøre friluftsråd kan du lese her: Stikk UT! – Oppstart 01.05.21

Julneset, eitt av dei i alt 470 Stikk UT! turmåla sesongen 2021.


For meir informasjon ta kontakt med:

Marte Melbø,  Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal

marte@stikkut.no  Tlf: 47 25 20 12

May Britt Haukås, Sunnmøre friluftsråd

may@friluftsraadet.no Tlf: 97 70 96 53

Publisert: 28. april 2021, 13:00