Vatnet på Todalsøra vil vere tilbake fredag ettermiddag
Halset Vasslag sine abonnentar på Todalsøra har vore utan vatn sidan tysdag kveld på grunn av eit røyrbrot. No i ettermiddag vart røyrbrotet lokalisert. Det er eit gamalt jarnrøyr som har sprukke og må skiftast ut. Dette arbeidet må gjerast på fjærande sjø, så arbeidet kan først ta til i morgon rundt klokka 13:00. Håvard Halset i Halset Vasslag reknar med at alle abonnentane som er råka av røyrbrotet på Todalsøra, vil ha vatn i kranane att ut på ettermiddagen fredag.