Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Slåttedugnad» på kyrkjegarden torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. juni 2021

Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, informerer om at det blir «slåttedugnad» på Todalen kyrkjegard torsdag 3.juni klokka 18:00. Det må slåast gras mellom greftene og langs med murane, der  «slåttakarane» ikkje kjem til med graskløpparen når dei slår kyrkjegarden. Så han oppfordrar difor til at folk tek med seg kantkløppar på dugnaden. 

Kristian oppfordrar samtidig folk til å vatne på greftene, da det tek til å bli særs tørt, og at det ikkje er utsikter for nedbør før i helga. Vatningskanner er framsett. Anna hageutstyr for stell av greftene må ein ta med sjølv. Dette på grunn av smittevernreglane som gjeld akkurat no. 

Publisert: 1. juni 2021, 12:49