Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårsong i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. juni 2021

No er det lenge sidan det har vore arrangert konsertar og andre arrangement i Todalen kyrkje. Men onsdag 2. juni klokka 19.00 gjer Todalen sokneråd noko med dette og inviterer til songkveld. 

Kvelden er lagt opp som ein tradisjonell salmekveld med mykje allsong og nokre soloinnslag.

Forsongar og solist denne kvelden er Marit Løfaldli. Marit er songar og lærar på musikklinja ved Orkdal Vidergåande Skule. I tillegg arbeider ho som logoped. Marit er rindaling òg syng mellom anna i vokalensemblet Schola Sanctae Sunnivae, som har spesialisert seg på den gregorianske songtradisjonen. I tillegg forsterkar todalingane frå «Prosjekt 17» salmesongen denne kvelden.

Det blir lite gregorianske tonar denne kvelden, men de får høyre og syngje mange kjente og kjære salmar og songar. Hans Hyllbakk og Henning Sommerros fantastiske song «Vårsøg» kjem ein ikkje utanom ein slik kveld: Det same med vårsalmane «No livnar det i lundar» og «Fagert er landet». Elles får vi høyre Alf Prøysens «Den første løvetann» Vi skal òg syngje oss mot sommaren med dei vakre svenske salmane «Så grønn en drakt» og «Den blomstertid nå kommer».

Kyrkjemusikar i Todalen, Ronny Kjøsen, losar oss gjennom kvelden og spelar orgel, piano, gitar og trekkspel.

Soknerådet håper at dette skal bli ein fin vårkveld i lag i kyrkja, med mykje fin song og musikk.

Arrangementet blir gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar. 

Soknerådet ønskjer alle velkompne på vårsong!

Soknerådet sin plakat kan du sjå her: «Vårsong 2021»

Ronny Kjøsen vil spele orgel, piano, gitar og trekkspel under vårsongkvelden. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. juni 2021, 05:00