Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H med overnattingstur til Gjengstøa

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. mai 2021

Start 4H nytta høvet til å ta ein overnattingstur til Gjengstøa i finvêret frå fredag til laurdag. Nokre av medlemmane tok like godt to netter og overnatta heilt til søndag. Medlemmane møtte opp i småbåthamna, og sykla eller køyrde båt frå derifrå og utover til Gjengstøa fredag ettermiddag. Der overnatte dei til i dag. I Gjengstøa laga medlemmane ein «4H-Camp» med lavvo og telt, i fall det skulle bli litt nedbør i løpet av natta. 

Dei yngste medlemmane var med å sette opp lavvoen. Foto: Julia Halle

Dei yngste medlemmane var med på å sette opp lavvoen, medan dei eldste medlemmane hadde ansvaret for å sette opp telta. 

Eitt av telta ferdig oppsett. Foto: V A Ansnes

Etter at lavvoen og telta var sett opp, var det tid for å finne ved til bålet og å spikke pinnar for å grille pølser til kveldsmat. Etter kveldsmaten nytta somme av medlemmane høvet til å prøve fiskelykka, medan andre padla i kajakk.  

God planlegging er viktig når ein er på overnattingstur. Foto: V A Ansnes 

Etter ein aktiv og innhaldsrik dag, var det godt å krype ned i soveposane og få nokre timar med søvn før ein ny dag grydde. 

Laurdag morgon starta med ein lang frokost, slik at ingen skulle starta dagen på tom mage.  

God morgon! Frå «Camp Gjengstøa». Foto: Ragna Kvendset

Etter frokosten vart det smia seljefløyter og laga ein eigen «disko-camp». Det vart og ein fisketur, padling med kano og kajakk. Utpå dagen vart det òg litt bading. Vi har ikkje fått rapportar om korleis badetemperaturen var, men heilt sikkert ikkje meir enn slik passe, vil vi tru. 

Under har vi laga eit lite fotogalleri frå turen: 

 

 

Publisert: 30. mai 2021, 11:09