Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2403 artiklar i dette arkivet.


Årets fasteaksjon på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

Tysdag 5. april på ettermiddagen, kjem årets konfirmantar og medlemmer frå Todalen Sokneråd på besøk med bøssene sine for å samle inn pengar til årets fasteaksjon. Årets aksjon har fått namnet «Håp i en dråpe vann», og er som vanleg i regi av Kirkens Nødhjelp. Fasteaksjonen er ein tradisjonell innsamlingsaksjon som har gått føre seg i fastetida i mange år. Det er også mogleg å gje bidrag til fasteaksjonen – «Håp i en dråpe vann», via vipps 2426 eller via bankkonto: 1594.22.87493. 


Sakliste til årsmøtet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 31. mars 2022

Todalen Grendalag minner om sitt årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. april klokka 19:00. No er komplett sakliste klar, og i tillegg til dei vanlege årsmøtesakene: årsmelding, rekneskap og val, så har det kome inn to saker som skal behandlast på årsmøtet. Første sak er forslag om namneendring frå Todalen Grendalag til Todalen bøgdalag. Den andre saka er forslag om å overføre det organisatoriske ansvaret for 17.maifeiringa i Todalen til grendalaget, frå og med 2023. 


Podeverksted i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 31. mars 2022

Etter to års pause på grunn av korona, kan endeleg Svinviks arboret igjen invitere til podeverksted. Dette skjer laurdag 9. april klokka 12:00 i Svinviks arboret. Det er poding av frukttre som står på programmet, og arboretet inviterer difor alle til å bli med for å lære om podekunsten. 


Erik Kårvatn fekk talentstipend frå Sparebank1 SMN

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. mars 2022

I ei pressemelding frå Sparebank1 SMN, får vi opplyser at Erik Kårvatn har fått tildelt Sparebank1 SMN sitt «talentstipend». Erik er ein ung og talentfull utøvar innan randonee, i ventersesongen og skyrunning, i sommarmånadane. «Talentstipendet» gjer at Erik kan satse enda meir i båe greinene framover. Erik har allereie delteke i fleire internasjonale konkurransar, både her heime og i utlandet, i båe greinene. 


Dugnad i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. mars 2022

Styret og driftsstyret anlegg i Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti onsdag 6. april klokka 17:00. Det er behov for å gruse opp deler av turstitraseen, som har fått litt medfart i løpet av vinteren, og det må sagast ned nokre tre langs traseen. Så ta med høveleg utstyr til slikt arbeid og bli med på dugnad!


Minner om årsmøtet sitt

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. mars 2022

Todalen historielag minner om sitt årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 29. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og val, står på saklista til historielaget sitt årsmøte. Ingri og Ragnhhild vil vise historiske bilete. Det vil bli servert kveldsmat. 


Ungdommeleg kyrkjesøndag i Stangvik kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. mars 2022

I seg sjølv har Maria Bodskaps dag eit ungdommeleg innhald – med tekster om tenåringsjenta som vart Jesu mor. I Stangvik kyrkje kasta også konfirmantar og 6-åringar glans over denne lysaste dagen i fastetida.


Todalen IL – Dugnad på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. mars 2022

Laurdag 2. april mellom klokka 12:00 – 16:00 inviterer styret og driftsstyret i Todalen Idrettslag til dugnad på Bordholmen stadion. Klatrerommet skal vaskast og klargjerast for bruk. Det skal ryddast i redskapshuset slik at arbeidet med aktivitetsromet kan startast opp. I tillegg skal benkane køyrast ut og hol i vegen ned til Bordholmen fyllast med grus. Det er difor ønskeleg at den som har, tek med seg bilhengar, eller firhjuling med hengar. 


Surnadal kommune – mottak av flyktningar frå Ukraina

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. mars 2022

Krigen i Ukraina har ført til den største flyktningestraumen i Europa sidan andre verdskrig. Surnadal kommune er anmoda om å busette 100 ukrainske flyktningar. Vi veit ikkje nøyaktig når og kor mange som kjem hit, men vi må kunne ta i mot og gi nødvendig hjelp på kort varsel. Mange av dei som kjem hit vil vere mødre med barn, men også eldre og einslege mindreårige kan komme.


Lansering av boka «Slaget i Gratangen»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. mars 2022

Tyrsdag 29. mars klokka 19:00 kjem forfattar Helge Husby til Kveldheim i Bøfjorden for å lansere boka «Slaget i Gratangen 25. april 1940 – Trønderbataljonen frå nøytralitet til krig», som han har skrive. Husby dokumentert eit av dei mest gripande kapitla i norsk soldathistorie. Under boklanseringa vil Husby halde eit bildeforedrag. 


Ledig stilling hos Kårvatn Fjellutstyr

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. mars 2022

Kårvatn Fjellutstyr opplever ei positiv utvikling, og treng fleire tilsette. Dei lyser difor ut minimum 50% stilling som medarbeidar ved butikken på Kårvatn. Den daglege drifta er tredelt, med butikkdrift, webshop og sal til andre butikkar (import/distribusjon). Stillinga er i første omgang tidsbegrensa til eitt år, men med gode moglegheiter for fast tilsetting etter dette. 


Manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. mars 2022

Det er akkurat no manuell dirigering med ledebil gjennom Svinviktunnelen. Vi har som vanleg ikkje fått informasjon om kva som er grunnen til dette, men det er lurt å legge inn litt ekstra tid, dersom ein skal nå ferge eller timeavtale. Vi har heller ikkje fått informasjon om kor lenge det vil vere manuell dirigering gjennom tunnelen.