Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen J11 – Nordlandet J11

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. mai 2022

I går kveld var det seriestart for Søya/Todalen sitt J11 lag i fotball. Kampen vart spela på Søyabanen, og på motsett banehalvdel var det Nordlandet sitt J11 lag hadde teke oppstilling, for å måle krefter mot heimelaget. 

Rapportane frå kampen, fortel at heimelaget spela ein god kamp med god laginnsats og godt keeperspel. Båe laga hadde ei offensiv innstilling gjennom heile kampen, noko som resulterte i mykje godt spel og mange mål, for båe lag. 

Du kan følge «IL Søya på Facebook»

Publisert: 5. mai 2022, 06:06