Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kyrkjegardsdugnad i litt surt vårvêr

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. mai 2022

I kveld hadde Todalen sokneråd invitert til kyrkjegardsdugnad, for å klargjera kyrkjegarden til ein ny vår- og sommarsesong. Sjølv om vêrgudane ikkje akkurat varta opp med det beste rett før dugnaden, så vart det opphandsvêr under sjølve dugnaden. Knappe femti personar møtte opp for å vere med på dugnaden, så sjølve dugnaden gjekk unna på ein stor time.

Oppretting av gravstøtter etter vinteren. Foto: B G Ansnes

Kyrkjegarden vart raka og gravstøttene som hadde vorte litt skeive i løpet av vinteren vart retta opp. Det vart også saga ned nokre småtre som hadde kome opp att på austsida av kyrkjegarden. Elles vart det litt rydding og småarbeid, slik at kyrkjegarden er klar til klippesesongen tek til, om ikkje så lenge.

Raking av kyrkjegarden. Foto: B G Ansnes

Todalen sanitetsforening ordna med kaffe og kaker, som vart servert etter at dugnaden var ferdig, noko dei hausta stor applaus for. 

Mange møtte opp for å vere med på kyrkjegardsdugnaden. Foto: B G Ansnes

Kristian Gjeldnes frå soknerådet orienterte litt om verksemda til Todalen sokneråd det siste året. Her vikk vi vite at det mellom anna har vore:

  • 11 gudstenester i Todalen kyrkje
  • 1 felles gudsteneste med Stangvik, som vart strøyma i Todalen kyrkje og lagt ut på nett.
  • Konfirmasjon av 3 konfirmantar i 2021
  • 6 gravferder.
  • 2 barnedåpar.
  • Vårsong

Todalen sokneråd har i løpet av året vore med, saman med dei andre sokneråda i kommunen, på å lage ny liturgi som no blir bruka i kyrkjene i kommunen. Soknerådet arbeider vidare med å få laga ein minnelund, og dei er med i arbeidet med å omorganisere kyrkjearbeidet.

Kaffe og kaker høyrer med på dugnad i Todalen. Foto: B G Ansnes

Per E. Gjeldnes maskin har i løpet av året rydda rundt kyrkjegardsmuren, slik at det no er mogleg å slå med grasklippar rundt kyrkjegardsmuren også på utsida.  

Kristian nytta også høvet til å takke dei to slåttekarane, Ragnar Halle og Eivind Grønmyr, for ein framifrå jobb og fint arbeid.

Den yngre garde tok eit tak under kyrkjegardsdugnaden. Foto: B G Ansnes

Frode Grønmyr orienterte litt om den økonomiske stoa i Todalen sokneråd. Soknerådet fekk i 2021 eit overskott på knappe 14.000 kroner. Dette skuldast i hovudsak koronakompensasjon i samband med ein avlyst konsert. Dei største inntektene kjem frå takkoffer under gudstenestene. Dei største utgiftene er til konfirmantfest og blomster.  

Først publisert: 3. mai 2022, 19:34 - Sist oppdatert: 4. mai 2022, 09:40