Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårdugnad i arboretet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. mai 2022

Svinviks arboret inviterer, onsdag 11. mai klokka 18:00, til vårdugnad i Svinviks arboret. Ta gjerne med eigne redskap, rive og hagesaks er mest aktuelt. Det er varierte oppgåver, med både luking av blomsterbed og arbeid med rydding av stiar og trapper etter ein vinter med mykje vêr.

Kaffe og enkel servering etter dugnaden!

Svinviks arboret ønsker velkommen til ei triveleg arbeidsøkt for å klargjere arboretet til sesongstart.

Publisert: 5. mai 2022, 10:00