Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kammersmusikk» i Åsskard kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. mai 2022

I ein e-post frå Bernt G. Bøe, i Åsskard sokneråd, blir vi informert om at det etter rakar-dugnaden på Åsskard kyrkjegard måndag 9. mai, blir kveldskonsert med trekkspelaren Ronny Kjøsen og Trio No Treble. Konserten tek til klokka 21:00 i Åsskard kyrkje. «Tittelen på programmet gjer oss nysgjerrige! Tyr vi til rapportar, mellom anna frå Trøa i Rindal sist måndag, forstår vi at dette handlar om sprelske framføringar av svært forskjellig musikk», kan Bernt G Bøe i Åsskard sokneråd.

Ronny Kjøsen er tilsett kyrkjemusikar med hovudansvar i Stangvik, Todalen og Åsskard. For tida er han stipendiat som folkemusikar med permisjon frå stillinga og utfaldar sin allsidige musikalitet på andre arenaer – mest med ulike trekkspelvariantar som uttrykksmiddel.

Ronny Kjøsen – her under fjorårets Jonsvaka i Åsskard kyrkje. Foto: Bernt G. Bøe

«Trio No Treble» er, som namnet fortel, ein strykartrio utan diskantinstrument (fele) og består av bratsj (Lars Marius Hølås), cello (Eivind Rossbach Heier) og kontrabass (Jan Bolås Brødreskift). Gruppa vart stifta i 2017 og er kjend for sin særeigne måte å spela og kombinere både pop, folkemusikk og klassisk på.

Kveldens aktørar framfører komposisjonar og arrangement av Ronny og spinn trådar mellom ulike musikksjangrar, i spedd eigne improvisasjonar.  «Vi ønskjer å viske ut skiljelinene mellom det klassiske og det folkelege, mellom det som er nedskrive og det ein kan «finne på i farten»», seier dei.

Tidspunktet for konserten er smidig tilpassa rakar-dugnaden på Åsskard kyrkjegard, og blir arrangert same dagen. Så her rekk ein både rydding til festdagane i mai, felles kaffestund og ei «sprelsk konsertoppleving», slik dei fekk i Rindal for ei veke sia.

Publisert: 5. mai 2022, 08:00