Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Boblande speleglede på Surnadal kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. mai 2022

Kvartett frå Operaens Sinfonietta inviterer til jazz-konsert i foajeen på Surnadal kulturhus fredag 13. mai klokka 13:00. Og da talar vi sjølvsagt om musikarar frå Operaen i Kristiansund, og dei fire vil framføre Claude Bollings «Suite for fløyte og jazztrio».

Claude Bolling ville blande saman jazz med klassisk musikk, og skreiv denne suiten for klassisk fløyte og den tradisjonelle jazzpianotrioen – altså piano, kontrabass og trommer.

Dei fire musikarane som inviterer til ein konsert med boblande speleglede er Jasmina Zivic (fløyte), Jostein Brødreskift (bass), Robert Sztorc (slagverk) og Martin Bredin (piano).

Det er fri inngang.

Inviterer til gratiskonsert på Surnadal kulturhus.

Publisert: 6. mai 2022, 14:11