Bli med på trim i Trudvang
Torsdag 2. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Vi fann 3672 artiklar i dette arkivet.
Torsdag 2. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Fredag 3. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga.
– Ønskjer du å støtte dei katastroferamma i Syria og Tyrkia? Da kan du koma til Åsskard kyrkje onsdag 1. mars klokka 18:00! Denne oppfordringa kjem frå koret «Prosjekt 17» og Åsskard sokneråd. Dei står bak konserten der lokale artistar tek eit krafttak for nødsarbeidet som Kirkens Nødhjelp driv i jordskjelvområda. Støtten gjeld også det krigsherja Ukraina.
Dei to neste vekene viser Surnadal kino filmar på dagtid, i tilleg til filmane i regi av Seniorfilmklubben. Det er filmane «La elva leve», som blir vist tysdag 28. februar klokka 13:00 og «The Whale», som blir vist tysdag 7. mars klokka 13:00, som er filmane som blir vist på dagtid dei to komande vekene.
På Todalshytta er det balldag tysdag 28. februar, med servering av sildball og potetball mellom kl 15:00 og kl 18:00. Som tidlegare balldagar kan du sjølv velge om du vil ha potetball eller sildball – fritt val til same pris. Todalshytta vil gjerne ha din bestilling – ta kontakt via SMS eller telefon 929 97 550 […]
Landbruksforvaltninga i Surnadal kommune informerer om at tida no er inne for å søke om tilskot frå landruksfond, spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL-midlar) og tilskot til drenering og grøftin. Søknadsfristen er 15. mars.
Styret i Surnadal Golfklubb kallar inn til årsmøte måndag 6. mars klokka 19:00 i klubbhuset sitt ved golfbanen på Mo. Det blir enkel servering
Nordmøre Forsvarsforening, som fram til i fjor heitte Indre Nordmøre Forsvarsforening fylte 40 år i 2022. Jubileet vart ikkje feira i fjor, men vil i staden bli markert under foreininga sitt årsmøtet i år.
I eit presseskriv frå Vårsøghelga, får vi presentert programmet for Vårsøghelga 2023, som går føre seg i Surnadal frå torsdag 25. mai til og med søndag 28. mai. Det er tydeleg at arrangørane i år har satsa på kvalitet, for her finn vi artistar som Marius Djupvik, Elisabeth Andreasson, Ole Edvard Antonsen, Roar Engelberg og Erling With Aasgård med fleire. I tillegg vil det vere mange forskjellege arrangement i tilknyting til Vårsøghelga.
Torsdag 23. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Idrettslaget Søya minner om sitt årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen i kveld klokka 19:30. På saklista står vanlege årsmøtesaker som Årsmeldingar, Rekneskap, Budsjett og val.
Veka som kjem er det vinterferieveka i størstedelen av landet, og Surnadal kino har difor sett opp langt fleire filmar enn til vanleg – både for dei som strikkar, og for dei som ikkje gjer det.