Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor støttekonsert i Åsskard kyrkje på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 26. februar 2023

– Ønskjer du å støtte dei katastroferamma i Syria og Tyrkia? Da kan du koma til Åsskard kyrkje onsdag 1. mars klokka 18:00! Denne oppfordringa kjem frå koret «Prosjekt 17» og Åsskard sokneråd. Dei står bak konserten der lokale artistar tek eit krafttak for nødsarbeidet som Kirkens Nødhjelp driv i jordskjelvområda. Støtten gjeld også det krigsherja Ukraina.

Mange artistar

Saman med koret stiller barnegruppa Amigos – med Bodil Kvam Aasbø i spissen – trekkspelaren Ronny Kjøsen, songaren Turid Røen Kroknes, fløytisten Tove Elin Strand, fiolinisten Synnøve Hammervold og strykarar frå Kulturskulen på Indre Nordmøre.

Blant artistane får vi høre Turid Røen Kroknes, Ronny Kjøsen og Synnøve Hammervold. Montasje: Bernt Bøe

Var du der?

Vi trur at mange gjerne vil yte nødhjelp, men kanskje ikkje veit korleis, seier leiar i «Prosjekt 17» og organist Bernt Bøe.

Synnøve Hammervold leier si strykargruppe frå Kulturskulen. Foto: Bernt Bøe

På denne konserten kan alle gi økonomisk støtte med billetten og samtidig få ei musikkoppleving i solidaritetens tegn. Songteksten «Da jeg trengte en neste, var du der?» er motto for konserten. Den har tittelen «Ein drope i havet», men har ikkje noko å gjera med organisasjonen «Dråpen i havet», understrekar arrangørane.

Amigos-barna har laga fastelavnsris som du får kjøpe. Foto: Bernt Bøe

Musikk og fastelavnsris

Alle opptrer gratis. Billettinntektene går uavkorta til nødsarbeidet. For same formål kan ein kjøpe lokale CD-plater. Og på Amigos-kvelden søndag laga barna fastelavnsris, som dei vil selje på konserten onsdag kveld.

Dessutan utgjer kvar billett eit lodd i trekninga om bok- og musikkpremiar til slutt i konserten.

Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen håpar programmet trekkjer full hus! Foto: Bernt Bøe

Full kyrkje?

Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen ivrar for tiltaket og set stor pris på innsatsviljen hos aktørane. – Konserten fortener full oppslutning også frå nabobygdene. Vi ser for oss fullsett kyrkje!, seier ho.

Publisert: 26. februar 2023, 22:13