Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårsøghelga 2023 – Program med høg kvalitet og variasjon

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. februar 2023

I eit presseskriv frå Vårsøghelga, får vi presentert programmet for Vårsøghelga 2023, som går føre seg i Surnadal frå torsdag 25. mai til og med søndag 28. mai. Det er tydeleg at arrangørane i år har satsa på kvalitet, for her finn vi artistar som Marius Djupvik, Elisabeth Andreasson, Ole Edvard Antonsen, Roar Engelberg og Erling With Aasgård med fleire. I tillegg vil det vere mange forskjellege arrangement i tilknyting til Vårsøghelga.

I presseskrivet, får vi også vite at Ole Magne Ansnes, på årsmøtet til Laget Vårsøg, vart attvalt som styreleiar. Elles består styret av Karin Åsbø (nestleiar), Lars Polden, Ingvild Kårvatn, Janne Husby, Linda Torvik, Jon Arne Mogstad, Pål Sæther og Anne Lise Wullum.

Program Vårsøghelga 2023

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 21. februar 2023, 20:37 - Sist oppdatert: 22. februar 2023, 06:53