Inviterer til julemarknad i Myrvang
Ein gjeng, som driv med strikking, dekorasjonar, matproduksjon og varesal, har gått saman om å arrangere julemarknad i Myrvang forsamlingshus laurdag 11. november klokka 12:00 – 17:00.
Vi fann 3622 artiklar i dette arkivet.
Ein gjeng, som driv med strikking, dekorasjonar, matproduksjon og varesal, har gått saman om å arrangere julemarknad i Myrvang forsamlingshus laurdag 11. november klokka 12:00 – 17:00.
Da Lars Steinar Ansnes, kvennbøgarding som no er busett i Bud, i 2015 bestemte seg for å starte ein blogg, ga han denne namnet «Fintenkjarplassen». No er han aktuell med boka «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen». Boka er ei samling tekster frå bloggen. Desse innheld betraktningar rundt alt frå små kvardagslege hendingar til hytteliv, forfattaren sin […]
Det er nok ikkje berre strikking som foregår på Strikkekaffen som Todalen Sanitetsforening arrangerer. Nongnut Brusethaug gjorde i dag siste innspurt på ein fleire meter lang løpar som ho skal ha på spisebordet med plass til 12 personar på julaftan. Jammen eit praktfullt stykke handarbeid som ho har jobba med i haust. I tillegg har ho laga ein til, som Todalen Sanitetsforening har fått, og den skal loddes ut no snart – her blir det nok kø for å kjøpe lodd?
For å skape litt lys i novembemørkret, inviterer Surnadal Pensjonistlag til
«Trivselskveld» på hotellet 15. november klokka 19:00! – Dette byrjar bli ein tradisjon, fortel Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag.
Søndag er det allehelgenssøndag, og Todalen Sokneråd inviterer til allehelgensgudsteneste klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Prest er Torbjørn Brøske, og ved orgelet sit Oddveig Helset Halle. Gudmund Husby og neste års konfirmantar deltek i prosesjon med lystenning.
Prosjektet «Kunst og kulturformidling langs Den Trondhjemske postvei» inviterer til «Gullkveld» i Bondehuset torsdag 9. november klokka 19:00. Her vil Lars Ramsøy-Halle og Svein Sæter vil her presentere boka Amerikabrev med brev frå «Gullkongen» Fredrik Bruseth og søskena.
Tysdag 7. november klokka 12:00 – 13:00 inviterer Nordmørsmusea og Surnadal bibliotea til «Litterært pusterom» på Åsen bygdemuseum. Det blir også kaffestund og ope museum etter det litterære pusterommet.
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for resten av 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no.
Fredag 3. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt!
Frå kulturavdelinga i Surnadal kommune, har vi fått informasjon om at det no er mogleg for lag og organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar å søke om tilskott til aktivitetar som er retta mot barn og unge, som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor.
Torsdag 2. november klokka 19:00 – 21:00 inviterer Kyrkja i Surnadal til temakveld om sorg på Kyrkjelydshuset på Skei. Prestane Vidar Wilhelmsen Rygh og Toril Stendah. vil her prate om det å leve vidare med sorg.
Trimgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 26. oktober klokka 10:00 til ny innetrimøkt på Frivilligsentralen på Skei. Denne trimsesongen har pensjonistlaget fått med seg fysioterapeut Emil til å leie trimmen.