Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feil ruter for Kvanne – Rykkjem

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. desember 2023

Det ligg ein feil i rutesøket for rute 1061 Kvanne – Rykkjem for 24. desember (julaftan) og 25. desember (1. juledag) på fjord1.no og i reiseplanleggaren på frammr.no. Så skal du reise og må ta ferge ein av desse dagane, så må du sjekke rutetidene nedanfor, da det er desse rutetidene som gjeld, og ikkje dei du får opp under reiseplanleggaren.

Siste avgang frå Kvanne er klokka 16:00 i dag (julaftan), med retur frå Rykkjem klokka 16:15. 

I morgon, 25. desember, er det desse rutetidene som gjeld:

Frå Kvanne: klokka 10:00, 12:00, 13:00, 15:30, 17:30 og 21:00. 

Frå Rykkjem: Klokka 10:15, 12:15, 13:15, 15:45, 17:45 og 21:15. 

Publisert: 24. desember 2023, 13:06