Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3280 artiklar i dette arkivet.


Heftig på nyttårskonserten

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. desember 2022

Det blir tradisjonell nyttårskonsert på Surnadal kulturhus fredag 6. januar. Denne gongen også med utradisjonell gjestemusikar på bandoneón.


Tømmekalenderen for januar og februar 2023 er lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. desember 2022

Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for januar og februar 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for mars og april, vil bli lagt inn siste halvdel av februar månad. 


Lokalt meisterverk

Einy Rendal Elgsæther Onsdag 28. desember 2022

Einy Rendal Elgsæther har sendt oss ein bokomtale av boka «Kyrkja i Stangvik», som du kan lese her. Igjen har Bernt Bøe gitt oss eit lokalt meisterstykke om historie, kyrkje, musikk og kultur. I samband med Stangvik kyrkjes 125-årsjubileum har soknerådet gitt ut ei praktbok som Bernt har vore produsent for. Og dette er ikkje berre 180 sider med interessant lokal kunnskap på mange felt, men god litteratur i skildringane av levd folkeliv og fortsatt levande kyrkjeliv.


Fullt hus for Romjulsquiz

Stig Husby Onsdag 28. desember 2022

Todalen.no traff blink med sin Romjulsquiz 3. juledag i Todalen Ungdomshus. 75 ivrige quizdeltakerar fann vegen til ungdomshuset, som var julepynta for anledningen.


Minner om «Romjulsquiz»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. desember 2022

Tysdag 27. desember (3. dag jul) klokka 19:00 inviterer Todalen.no alle til «Romjulsquiz» i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen. 


Gud jul for alle!

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2022

Vi i redaksjonen nyttar høvet til å ønskje alle våre lesarar ei god og fredeleg julehelg.  Men fordi om vi tek ein vefortent juleferie, så er vi nok likevel «litt på post» for å fange inn nyheiter.  Elles er vi glade for at lesarane framleis er med oss –  vi kan skilte med like bra […]


Surnadal Taxi informerer

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. desember 2022

Også hos Surnadal Taxi er det snart jul. Skal du ha drosje 24. desember (julaftan) etter klokka 16:00 og fram til 25. desember (1. dag jul) før klokka 10:00, må du førehandsbestille før klokka 16:00 den 24. desember. 


52. årgang av Søyaposten er her

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. desember 2022

Like sikkert som det går mot jul, så dukkar Søyaposten opp i postkassane til dei av medlemmene i I.L. Søya, som bor på Nordvik, og på strekninga Pollen – Stangvik. I år er det altså 52. årgang av Søyaposten. Redaksjonen har bestått av Theodor Glærum, Marit Haugen, Bergsvein Brøske, Geir Forbregd og Kristin Grønnes. 


Ingebrigt Steen Jensen til Halsa

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. desember 2022

Ingebrigt Steen Jensen tilbake til Halsa i Heim kommune, måndag 9. januar 2023. Han kjem for å snakke om den nyaste bok si «Før jeg forsvinner» og det nye livet, han har fått, med diagnosen Alzheimer.  


Opningstider Kårvatn Fjellutstyr jula 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. desember 2022

Jula nærmar seg som kjent med stormskritt, noko som inneber endra opningstider for butikkane. Butikken til Kårvatn Fjellutstyr på Kårvatn vil ha langope 22. desember, mellom klokka 10:00 – 19:00 og 23. desember (lille julaften) mellom klokka 10:00 – 16:00.   


To norgespremierar på Surnadal kino i romjula

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. desember 2022

Romjula er vanlegvis ei populær tid for å ta seg ein tur på kino. Ved Surnadal kino kan dei skilte med to norgespremierar på i romjula. Det er filmane «Kampen om Narvik» og «Folk og røvere Kardemomme by». «Kampen om Narvik» er ein film som eigentleg hadde premiere i 2020, men som har vore utsett på grunn av korona og krigen i Ukraina.  «Folk og røvere i Kardemomme by» er ein animasjonsfilm som bygger på Torbjørn Egner si bok med same namn. 


«Kyrkja vår – Stangvik»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. desember 2022

Rykande fersk bok om «Kyrkja vår – Stangvik» har akkurat kome ut. Som nyaste bok om lokalt kyrkjeliv, kom boka i handelen no rett før jul. Boka er skriven av Bernt Bøe i samband med 125-årsjubileet for noverande Stangvik kyrkje. Soknerådet ønskjer med dette å dokumentere levd kyrkjeliv før og no.