Luke 14 er klar med nye gevinstar og nye vinnarar
Bak luke 14 er det 3 gevinstar som er klare til utdeling. Den første gevinsten er eit strikka/hekla sjal som hamna i Halagrenda, hos Maren Ansnes
Vi fann 3577 artiklar i dette arkivet.
Bak luke 14 er det 3 gevinstar som er klare til utdeling. Den første gevinsten er eit strikka/hekla sjal som hamna i Halagrenda, hos Maren Ansnes
Jula nærmar seg, og det betyr endra opningstid for mange butikkar inn mot julehøgtida, og ikkje minst i romjula. Kårvatn Fjellutstyr er ikkje noko unntak i så måte, og har sendt oss sine opningstider for tida fram mot jul og for romjula.
Vi er klare med trekning for 13. desember – denne dagen er det heile 4 gevinstar og dermed 4 nye vinnarar. Den første gevinsten går til Nordvik – Jan Nordvik har vunne eit strikka sjal som ligg klart til henting. Gevinst nr 2 går også til Nordvik – her er det Gunn Tove Svinvik som […]
På grunn av tømmerdrift i Svinvikhamrane, vil det i ein periode framover ikkje vere mogleg å parkere på lunneplassen ved starten av Svinvikrunden, kan Tore Svinvik fortelje. Tømmerdrifta tek til onsdag 13. desember, og det er da viktig at ingen parkerer på lunneplassen, slik at bilane ikkje blir til hinder for tømmerdrifta.
Fredag 15. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til årets siste bakeriutsal. Dette markerer dei, i år som i fjor, med ein liten konkurranse. Bestiller du varer i kommentarfeltet på Lia gard si Facebook side, er du med i trekninga av ei julekorg med mykje god julebakst!
I kveld var det Øyagrenda sin tur til å tenne julegrana si. Julegrana står ved Øyabrua på Øyagrendsida, men pyntegjengen har også lyssett postkassehuset sitt med, slik at det også lyser opp no i adventstida.
Surnadal formannskapet vedtok i sitt møte 28. november budsjett- og økonomiplan for perioden 2024 – 27 for Surnadal kommune. Dokumentet er no lagt ut til offentleg gjennomsyn, og den som ønsker det, kan koma med uttale til formannskapet sitt forslag til budsjett- og økonomiplan.
I Pestua er det no mogleg å kjøpe egg døgnet rundt, altså 24/7. Via det nybygde sjølvbetente utsalsrommet, ved sia av kjølelageret i hønsehuset. Her kan du få kjøpt XXL, store, usorterte og medium egg. Men Anders Karlsen understrekar at alle framleis er velkomne til å ta kontakt for å få kjøpt egg på same måte som tidlegare. Det same gjeld om ein ønsker å kjøpe bakaregg og for spesialbestillingar.
Sjølv om det er ei lita stund til kalendaren viser mai, så kan Vårsøghelga, som blir arrangert i Surnadal 23. – 26. mai, allereie no røpe litt av programmet for neste års Vårsøghelg. – Vi er glade og stolte over å kunne slippe nyheten om at Bugge Wesseltoft kjem til Vårsøghelga 2024 i Surnadal, heiter det i eit presseskriv frå Vårsøghelga.
Fredag 1. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmer seg jul, og ibakeriet er det høg aktivitet og mykje å gjere fram mot jul. For å sikre at alle får det dei vil ha, ønsker dei at så mange som mogleg førehandsbestiller bakst dei ønsker å kjøpe på fredag.
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) ønsker å takke for minnegåva dei fekk i samband med Leiv Strand si gravferd frå Ranes Kyrkje fredag 10. november i år:
Vi takker varmt for minnegave i forbindelse med Leiv Strand sin begravelse.
Surnadal jeger og fiskerforening
Torsdag 23. november klokka 18.00 inviterer Surnadal kunstforening til
opninga av «Haustlys -23» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Denne gangen er det Ellen Kalvig sine bilete og Steinar Garberg sine keramikkfigurar som blir presentert.