Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2024: Del 1

Guro Redalen Onsdag 27. mars 2024

Der fjorden går mot fjella inn. Der ligg dalen, slik han har gjort sidan Tov skoda utover han fyrste gongen frå Sjåarberget. Her ljoma vakker salmesong, enno heilt utan støy frå tungtrafikk frå Todalsfjordsprosjektbrua. Og elva, ja ho går fortsatt i foss og sving. Her kor kjerringane diltar på idealtid, og skrommeltoget hadde si vogge. Dei gamle fjell i syningom. Vårsøg i lufta. Nok snø på toppane til dei som likar slikt. Og bar asfalt til dei som trivst med det. Alt slik det skal vere ei påskehøgtid i 2024. Så her er det berre å spenne på og bli med!

Brusetmarka. Eit sentral årestad for bygda si historie. Tidleg ute med straum, seint ute med vårsol. Sjølvaste usvingen til biltoget 17. mai. Kjent for grandiose julegrantenningar, gjennomfart til turtereng og høg huvføring. Men kva skjedde eigentleg med den stolen som vart funne på elvekanten på Brusetsida, eit par hundre meter ovafor Brusetbrua? Frk. Bladfyk kunne ikkje erindra å ha sett ei løysing på akkurat det mysteriet. Ho noterte eit mogleg oppdrag ned på blokka, men først gjekk turen til Trollheimsutstillinga for ferievikaren til todalen.no. Ei fjør kan fort bli til ein heil hønhals, så her gjaldt det å halde seg til plana.

I 2. høgda på Gammelfabrikken var monteringa av utstillinga kome langt. Fugl, fisk og dyr i alle formar og fasongar. Nokre meir olme i blikket enn andre. Dei fleste litt pjusk i pelsen. I front for omvisinga var sjølvaste Ordførar Pedersen. Med ivrige, til tider litt lange utgreiingar, om kor viktig denne samlinga var for bygda, kommunen, Europa og Mjølkevegen underheldt han ei lita gruppe ikkje alt for entusiastiske tilhøyrarar. For kva var vel meir spanande enn denne samlinga med utstoppa dyr i naturtru omgjevnader? Tja tenkte Bladfyk, levande dyr i naturen kanskje? Medan ho noterte ei redigert og sila utgåve av det ordføraren fortalte. Hadde ho ikkje vist betre så kunne ho fått eit inntrykk av at det var han som hadde fanga heile samlinga og stoppa dei ut med sine eigne ordførarhender.  Greit nok var ho utvandra frå Prærien for ei god stund sidan, men ei såpass aktiv smisk og dulting frå Stjess kunne ikkje ha imponert mindre.

Med andre ord kom det til å bli ein kortfatta rapport. Ho måtte truleg òg bruke litt energi på å redigerte linselus Pedersen ut på alle bilete. Greit nok å være ivrig, men det måtte da vere greit å kunne ta bilete av ei ørn utan at han skulle kome flygande inn frå venstre. Eller hoppande inn frå høgre når motivet var ein hare. Og kva var det med den tommelen som alltid peikte opp? Med andre ord eit bratt men skjerpande førsteoppdrag i ferien. Bladfyk bladde seg gjennom bileta ein gong til. Vent litt, kva var det bak den litt slitte kronhjorten? Var det eit andlete? Nei, det var kanskje berre ein stein. Type grå.

I Øyalia var Skogeigar Ansnes ute på oppsynsrunde. Etter at «Stortåillå» måtte gje tapt etter nesten 250 år med stolt og rak stamme, var det som at noko mangla. Eller, det var det jo. Noko på 22 meter og fem tonn mangla. Det er rart når slike kjemper fell frå, tenk på alt som har skjedd både i bygda og elles sidan furufrøet vart planta. Men kva var dette? Skogseigar Ansnes stirra rett i to store auge. Der treet ein gong hadde stått var det no plassert ein hovudet av ein mann. Heldigvis var det berre ei staute av eit menneske, men likevel. Det var stort, tungt og kunne ikkje ha blitt hogd ut på ein Kløvertur.

Først publisert: 27. mars 2024, 05:47 - Sist oppdatert: 26. mars 2024, 10:03