Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2024: del 3

Guro Redalen Fredag 29. mars 2024

Ungdomshuset. Dette huset bygda har feira mang ei anledning. Frå barnehagekvardag, til bryllaup, basar, polskurs, pilkast, sceneopptreden og sveitte swingdansar. Tombolahjul med premiar på øvste hylle, og skifte av filmrull når det passa minst i kinofilmen. Eit hus så sentralt i mangt eit minne. Fram då frendar i fredelg kappstig, sjølv om det er ein blodraud dag på kalenderen.

Bladfyk hadde tatt turen til den nye Halsesamlinga, heldigvis litt meir røytefri utstilling der enn på Gammelfabrikken noterte ho seg. Bladfyk var på jakt etter manuset til Romådalshelg men tok seg i å mimre tilbake til barnehagetida. Om lærdomen om at å blande heile regnbogen i ein modeleireklump  gjorde han grå. Men traktorar kom berre i to farger. Grøn og raud, Det kunne ikkje blandast … Om vinteren var det å kaste seg utanfor Verdas Lengste Akebakke ned mot Øya, helst på prima isføre med oljebrok og ekstra ”spreng ti fart”.  Og turane oppover Øyalia der det var eit nytt eventyr bak kvar ein stubbe. Nei, konsentrasjon. Det vart ikkje noko ny sak til todalen.no på dette viset.

På Skihytta var Fast Bakelsstekjar rutinert i gang med bakelspressa. Kjerringar av alle kjønn klumpa seg saman i påvente av at Handelsmann Nordvik, også kjent som Kjerringdiltgeneral, skulle gje klarsignal til at det var på tide å få på seg skia. Nye startnummer med Veidekke strålte i kapp med sola, og der borte blenkte vandrepokalen gjeve av HalsOil.

Det ryktast at i år var det ein ny tidtakar på rennet, og spekulasjonane gjekk på om idealtida ville legge seg på linje med tidlegare år utført av folk frå flataste Prærien eller dei meir bakkevante frå Halset.

Handelsmann Nordvik hoia og ga ordre om at det var å få på seg ski og startnummer tvert! Han gjekk kjapt gjennom reglane, og så var startnummer 1 Bruset klar for å ta fatt på løypa. Han tok seg god tida. Kjente litt på diltinga i knea. Lågt tyngdepunkt, høg huv. Ikkje noko nytt. No skulle han berre stake litt på her i svingen, og så var det berre eit barneskirenn inn til mål.

På Skihytta var stemninga god på facebook, medan det i røynda var på tide å snøre sin sekk og smøre om til ursnø og potetmjøl. Sjeldan hadde bygda ligge lengre ned. Det brusa godt i blodet og hjarte som alltid vanker. Men ned skulle dei, om så Handelsmann Nordvik måtte gje dei ei ekstra dytt utfor. «Kom igjen!» sa han «Kjenn på kor bakelstyngda gir deg ein fenomenal gravitasjon.» For ned bygda måtte dei, og det kjappare enn Swix! 

I Øyalia skoda den nye kjempen utover bygda. Stødig og stille, og utan teikn til å dele noko hint til lesarane av todalen.no.

Først publisert: 29. mars 2024, 05:16 - Sist oppdatert: 26. mars 2024, 10:28