Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2024: del 2

Guro Redalen Torsdag 28. mars 2024

Det var uvanleg stille i bygda. Draumar hadde blitt godt knuste under gårsdagens påskequiz i regi av Todalen bøgdalag. Fleire som nesten måtte gå sidelengs inn døra på Ungdomshuset grunna breiskuldra optimisme, kunne smalskuldra og med dukenakke tasle seg heim. Med knekt sjølvkjensle og slapp svikt i den nedarva polsfoten. Joda. Kjekt med noko sosialt. Og i teorien kjekt med kunnskapstevling. Om ein berre kunne svaret.

Godt var det difor at denne dagen fell saman med høgdepunktet i høgtida for dei som trivst best utan konstant svett lugg og kvikke lunsjar. Og smakte eigentleg appelsin betre over tregrensa? undra Ivrig Trimmar seg over der ho passerte Halsabrua med los for den heilage treeininga: pøls, kanelsnurr og trimpoeng.

Med Tursti Bolme i front jobba gjengen frå idrettslaget effektivt og saumlaust slik at resten av bygda kunne slurpe kaffi og skravle seg gjennom siste dagars hendingar. For har du hært det? Joda, det var vist dukka opp ein statue i Øyalia der Stortoillå hadde stått. Ja den var minst like stor og tung som forgjengaren. Akkurat. Nei, det var vist ingen spor av traktor eller anna transport. Var det rett og slett eit påskemirakel? Ein Heil Halling kunne risle ut av ermet at statua likna på dei som var på Påskeøya, ja du veit Thor Heyerdal og «Gn-on Tiki». Meir summing. Meir slurping.

Kven andre enn Ordførar Pedersen hadde teke turen for å kaste glans over arrangementet? Ein litt feilslått dilt-dult slukka påskesøget eit par klamme minutt, før det tok seg opp igjen. Bladfyk noterte, men mentalt var tankane i Øyalia der Overredaktør Ørsal var på oppdrag. Ein såpass stor sak som utspann seg der var vist ikkje noko for ein vikar. Ho sukka og freista å få knipsa nokre bilete utan tommel opp og motljos frå ordførarkjede. Ein utfordring stor nok til å kvalifisere til ei OL-grein. Nei, det er jo ikkje vits i å grine over tapt mjølkerull på Tristeinan. Her var det berre å gjere det beste ut av det.

«Det var faktisk ein ganske stor statue» … nei bauta. Byste? Bauta var betre. Overredaktør Ørsal tasta ivrig vidare. Her var det ikkje vits i å spare på krutet. Overskrift? Tja, «Ein to tre – bauta det ble»? Hm. Nei. «Har påskeharen vore på ferde?» Kanskje. Nei, det måtte bli «Ny attraksjon i Øyalia – du vil ikkje tru kva det er!» Slik. Lagre. Og ut på todalen.no.

Handelsmann Nordvik plystra lett medan han tømte panteautomaten og gjorde seg klar for å stenge for dagen. Digital prismerking på Halsbua var stort, tredje opplag av HalsOil-huv var stort,  111-årsdag vart stort, men dette kjem til å bli enda større.

 

 

 

 

Først publisert: 28. mars 2024, 05:03 - Sist oppdatert: 27. mars 2024, 21:00