Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2024: del 4

Guro Redalen Laurdag 30. mars 2024

Heldigvis var det mogleg å sløkke sorga over nullføre, fantom fellesig og gaddklabb på ei kioskope Halsbu. Her var alt eit søg av heimkomne søner og døtrer blanda med fastbuande og anna folk på handel. Ein Heil Halling mumla «gn-eip, gn-akkpøls, gn-utekål og stævle» medan han las på handlelappen som var sendt med. Grasforskar Grønmyr og Gamalostystar Gjeldnes hang ved frysevarene og diskuterte om dei skulle slå seg på steinfigur-trenden. Ein diskusjon Handelsmann Nordvik ikkje la seg borti. Han hadde meir enn nok med å føre overoppsyn og sjå til at handelen gjekk etter Stangvikboka. Så langt såg det ut til at påskehandelen 2024 kunne rapporterast inn som intet mindre enn fenomenalt. Brei erfaring, og falkeblikk for varer sjølv kresne byfisar og andre handelslekasjar ikkje kunne motstå å putte i korga kom her til sin rett. Kyllingfiletar, kinakål, kaviar, klinkekuler, kleshengar, kalvegrime, klisterfjernar i kvar ei krik og krå. Det bogna av burger, brus, bølgjeblekk og Bremykt.

På veg ut døra på Hals såg Bladfyk av gamal vane opp mot Hønå for å sjekke korleis det låg an med Hønhasjen og badesesongen. For utabøgdes og andre uvitande kan det nok kanskje verke merkeleg og litt morbid å feire at ein hals blir delt. Men for dei med hug for friske elvebad og minne om truslar om dobbel lungbetennelse ved bading før den baderegulerande halsen fell, er dette eit av året sine viktigaste hendingar på nivå med Kjerringdilten, Romjulsmarsjen, Skrommeltoget og fæt-tisdag. Og det sjølv om postadressa ikkje lengre er 6645. Og det var jo ein kjent sak at elvevatnet blir varmare etterkvart når du misser litt av kjenslene i leggana. Men det var alt for tidleg i snøsesongen, og Høna hadde tydeleg grava seg ned i tide.

Høne ja. Egg. Påskeegg. Påske. Påskeøya. Om ikkje akkurat like brei erfaring som Heyerdahl så kunne Bladfyk skryte på seg erfaring med flåtefart nedover Toåa. Både på traktordekkslange og vannsengmadrass. Det kunne da neppe vere så ulikt ei bastflåte på Stillehavet? Nei, ho måtte ta turen opp Øyalia for å sjekke ut påskemysteriet. Sjølv om dekninga på todalen.no nesten hadde vore minutt for minutt, var det noko med å få sjå det heile på nært hald. Om det så vart på ski. Med andre ord vart ikkje denne dagen berre plankekøyring for den dårlegaste plogaren frå Prærien.

Der var han. Steinandletet. Eller var det bauta Overredaktør Ørsal hadde bestemt at det var? Enno ein gong slo det Bladfyk at det likna på nokon men ho klarte ikkje heilt å artsfeste kva for slektsgrein i bygda det var. Instinktet sa sjynågarding grunna den skarpe skallen, ein god nanse for ein god handel og eit vidsyn vendt ut mot heile verda. Ho nærma seg sakte. Hysj, kva var det? Ho kasta seg ned bak den andre Stortoilljå og håpa på det beste. Og det medan to menn nærma seg. Ho vart blenda i sola, og klarte ikkje heilt å sjå kven det var. Jo! Det var Ordførar Pedersen og Handelsmann Nordvik! Begge lett på fot og ikkje akkurat med innestemme. 

 

 

 

 

Først publisert: 30. mars 2024, 05:28 - Sist oppdatert: 27. mars 2024, 21:06