Kvanne-Rykkjem innstilt inntil vidare
Fjord 1 melder klokka 13.11 at fergesambandet Kvanne-Rykkjem er innstilt inntil vidare grunna dårleg vêr. Om redaksjonen ikkje fangar opp ny oppdatering, kan du sjølv finna den her på Fjord 1 si heimeside
Vi fann 3680 artiklar i dette arkivet.
Fjord 1 melder klokka 13.11 at fergesambandet Kvanne-Rykkjem er innstilt inntil vidare grunna dårleg vêr. Om redaksjonen ikkje fangar opp ny oppdatering, kan du sjølv finna den her på Fjord 1 si heimeside
Årets siste søndagstur går til Halsa og til den nye kulTUR-løypa på Liabøen i Halsa Turen startar ved parkeringsplassen på Liatun. Her blir det tennt fakklar og ein går deretter ned om Rasteplassen og opp til Butikksenteret, rundt om det gamle kommunale lageret nedom banken. Deretter går turen opp til Øvrevikstatuen, opp til det gamle sommerfjøset og saga som hører til Negarden, og ned til Villa Viungen.
Juletrefest på andre juledag er ein tradisjon som har vore i fleire generasjonar. I år skjer det igjen på Eidet bedehus . Anna Sæther vil halde andakt og vi får høyre og sjå program som barna står for. Sjølvsagt blir det juletregang med song og fin musikk, matservering og utlodding. Alle er hjarteleg velkomne! Vertskap er Eidet bedehus og Søndagsskolen.
Tida er komen for å ønske alle våre lesarar, medlemar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul. For oss i redaksjonen vil det nok bli litt mindre aktivetet eit par dagar, men vi skal prøve å få med oss det som skjer i bygda i løpet av juledagane og romjula så godt vi kan. Har du noko på hjarta eller eit godt bilde så er det berre å sende til vår e-postboks som er «døgnopen».
Har du bestilt husnummer hos Surnadal kommune og kanskje gløymt å hente dei etter du fekk tilsendt faktura som du betalte? Da er det berre å sikke innom sørvisekontoret på kommunehuset i romjula. Der er det no mange uavhenta skilt som dei gjerne hadde sett at bestillarane hadde komme og henta.
Søndag var mest truleg ein vemodig dag for familien Svinvik i Svinvika. Etter mange hundre år med kjøttproduksjon på garden, sendte Sven Olav og Gunn Tove frå seg krøttera. Dei gir seg no som mjølkeprodusentar, og leiger bort mjølkekvoten til den nye samfrifta i Pestua. Krøttera vart dermed frakta med dyretransport inn til Todalen for sin nye tilværelse.
Songarane Sigrid Bøe, Maria Moen Nohr og Andreas Moen Nohr, fiolinisten Anders Larsen og pianisten Hedda Hansen Berg har mange venner på Nordmøre. Fredag vil dei kanskje vinne enno fleire – med eit lekkert julekonsertprogram i Stangvik kyrkje.
Med det eldgamle klenodiet «Et lidet Barn saa lysteligt» – sjølve Julverset frå nettopp Stangvik – og «Nøtter for Askepott» som ytterpunkt har dei unge talenta plukka godsaker frå julemusikkens velfylte spiskammers.
Søndag er det musikalsk julehøgtid i Todalen og Åsskard. Solistar, orkester og kor inviterer til tonefest og julespel. Her kling «Et barn er født i Betlehem» og dei andre kjære allsongane. Her tonar «Julverset» frå Stangvik og «Julemotetten» av Alnæs. Her hører du «Stille natt» i originalversjon og adventstonar frå Bachs «Juleoratorium».
Stangvikfestivalen har kommet inn i det gode selskap og har etter ein grundig søknadsjobb fått tildelt 80 000 kroner fra Norsk Kulturråd si ordning med støtte til festivalarrangører. Dette er ei annerkjenning for det gode arbeidet som styret, dugnadsgjengen og ikkje minst dei kunstneriske aktørene har lagt ned gjennom mange år, skriv styret i ei pressemelding.
Todalen er for tida straumlaus meldes det. Vi har derfor vore i kontakt med Svorka sin vakttelefon, og dei kan fortlje at feilen er funne og rettetid er kun kort tid unna. Det har vore eit trefall på høgspenten på Breimoen i Surnadal, som gjer at alle abonnentar på denne linja er berørt, som også […]
Denne søndagens søndagstur er det Surnadal idrettsråd som står for. Dei inviterer til nissemarsj på Skei. Idrettsrådet legg opp til eit triveleg adventsarrangement i friluft og håpar det skal bli eit skikkeleg langt tog med små og store nissar som togar gjennom sentrum denne dagen.
For november kan vi kan gratulere Christopher Talgø som vinnar med biletet «Midnatt i November». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Vi treng stadig nye bilete, så send inn til oss på e-post red@todalen.no. Desember er siste sjanse for å vinne nåverande premie, Todalen.no-termos. Vinnaren av månadens bilete for desember er også siste deltakar i avstemninga for årets bilete.