Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52-17 på Skei

Elinor Bolme Fredag 11. desember 2015

Denne søndagens søndagstur er det Surnadal idrettsråd som står for. Dei inviterer til nissemarsj kl 12 midt på Skei. Idrettsrådet legg opp til eit triveleg adventsarrangement i friluft og håpar det skal bli eit skikkeleg langt tog med små og store nissar som togar gjennom sentrum denne dagen.

Turen er godt eigna for både barnevogn og elektrisk rullestol. Ein går i tog frå Surnadal kulturhus og nedover Miljøgata til Grimsmokrysset. Der svingast det inn på Svartvassvegen. Etter eit par hundre meter svingar ein så til venstre nedover Svartvassbakkan og følgjer den til ein kjem inn på Moavegen. Der svingast det igjen til venstre og går forbi ambulansehuset og Surnadal sjukeheim. Vidare følgjes Bådshaugvegen og seinare Skeivegen tilbake til kulturhuset.

AKTIVITETER:
Etter turen blir det samling på Kulturhuset der det vil bli enkel servering og premieutdeling.

Foto frå Torgdagen i haust.

Først publisert: 11. desember 2015, 04:00 - Sist oppdatert: 10. desember 2015, 21:49