Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bestilt, men ikkje henta?

Elinor Bolme Torsdag 24. desember 2015
Har du bestilt husnummer hos Surnadal kommune og kanskje gløymt å hente dei etter du fekk tilsendt faktura som du betalte? Da er det berre å sikke innom sørvisekontoret på kommunehuset i romjula. Der er det no mange uavhenta skilt som dei gjerne hadde sett at bestillarane hadde komme og henta.
Brev med bestilling var utsendt alle husstandar med nye vegnamn først på oktober, og dei nye vegnamna vart iverksett den 22.10. Sjå oversikta over 12 nye vegnamn i Todalen og kommunens oppdaterte vegnamnliste frå 13.11.15 her: Vegnamn Surnadal kommune
Kommunehuset er ope kl. 10 – 14 i romjula. Jul- og nyttårsaften held dei stengt.
Publisert: 24. desember 2015, 12:44