Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tonar i julenatt

Elinor Bolme Torsdag 17. desember 2015

Songarane Sigrid Bøe, Maria Moen Nohr og Andreas Moen Nohr, fiolinisten Anders Larsen og pianisten Hedda Hansen Berg har mange venner på Nordmøre. Fredag vil dei kanskje vinne enno fleire – med eit lekkert julekonsertprogram i Stangvik kyrkje.

Med det eldgamle klenodiet «Et lidet Barn saa lysteligt» – sjølve Julverset frå nettopp Stangvik – og «Nøtter for Askepott» som ytterpunkt har dei  unge talenta plukka godsaker frå julemusikkens velfylte spiskammers. Etter at songtrioen og pianisten hadde sysla med planene om gjensyn med Stangvik-domen og det gode publikum frå tidlegare julekonsertar her, kom også Vebju-aktuelle Anders Larsen med på laget. Hans fiolinspel vil legge ein eigen dåm over førjulskvelden i den vakre kyrkja.

«Josefs Julevise», «Nordnorsk Julesalme» og «Deilig er jorden» hører sjølsagt med – blant alt vi ikkje har nemnt og som du må møte opp for å få med deg!

Tonar i julenatt Plakat

 

Først publisert: 17. desember 2015, 09:37 - Sist oppdatert: 16. desember 2015, 23:46