Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3615 artiklar i dette arkivet.


Slik kan det gå….

Elinor Bolme Torsdag 18. februar 2016

I dag fikk vi ein epost frå Ola Einar Øyen, direkte frå sjukesenga på St Olav i Trondheim. Han var i overkant uheldig på tur til arbeid i går morgon, og håper med si helsing at andre kan ta lærdom av at stress i morgontimane kan føre til uforutsette ulykkeshendingar.


ÅRSMØTE OG INSPIRASJONSKVELD

Elinor Bolme Onsdag 17. februar 2016

Torsdag kveld klokka 19.00 ønsker Surnadal Jeger og fiskeforening alle interesserte velkommen til ein inspirerande og sosial årsmøtekveld på Thon Hotel Vårsøg. Frå eit variert program kan det nemnast:


Kvanne-Rykkjem midlertidig ute av drift

Elinor Bolme Laurdag 13. februar 2016

Fjord 1 melder no at rute 46 mellom Kvanne og Rykkjem må kansellere avgangane 16.30 frå Kvanne og 16.45 frå Rykkjem på grunn av tekniske forhold. Normal drift i sambandet frå 17.30 i henhold til oppsett rutetabell.


Månadens bilete: Romjulsmorgon

Ole Petter Talgø Onsdag 10. februar 2016

Årets første vinnar av månadens bilete blei Bjørn Halle med Romjulsmorgon med prisen. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Vi treng stadig nye bilete, så send inn til oss på e-post red@todalen.no. Kanskje tek du turen til Kårvatn til helga og får eit fint vinterbilete?


I dag:Sonerenn avlyst

Elinor Bolme Torsdag 4. februar 2016

ØSIL IL melder no om at dei desverre må avlyse kveldens sonerenn grunna tekniske problem med maskinparken sin. Ny dato er foreløpig ikkje sett opp.


Stem på månadens bilete for januar

Ole Petter Talgø Tysdag 2. februar 2016

Vi har komme over til ein ny månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2016. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke. Vi takkar for alle bidrag til dagens bilete gjennom heile januar!


Fine forhold på Tjønnmyra

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. februar 2016

Siste søndagen i januar vart ein fin vinterdag med riktig så flotte forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Det var nyoppkjørte, fine dårer og godt skiføre. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte barn i løypa, og mange tok turen for å kosa seg med ski og akebrett. Arrangøren noterte deltakarar og serverte saft. Og deltakarane var blide og fornøgde. […]


Problemer med publisering av nyheter

Ole Petter Talgø Måndag 1. februar 2016

Vi har i dag litt problemer med publisering av nyheter. På grunn av dette kan nyheter i dag bli litt forsinka, det beklager vi. Forhåpentligvis får vi ordnet opp i problemet i løpet av dagen. Oppdatert: Vi har funne problemet og løst det, så todalsnyhetene kan no serverast rykande ferske.


Nordmøre bur seg på uvêr..

Jon Olav Ørsal Fredag 29. januar 2016

Det er stor fokus på ekstremvêret som er i vente fredag kveld. Det er venta sterk storm på kysten, med vindkast opp til orkan styrke innover land. Det meldte ektremvêret er faktisk samanlikna med «Dagmar» som også gjorde ein del skade på indre strøk – mellom anna på Ansnessaga.


Klatremus kjem, kjem du?

Elinor Bolme Torsdag 28. januar 2016

Sjøl om det er godt over seksti år sia Torbjørn Egner skreiv boka, er «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» stadig like populær for dei minste. Tirsdag 2. februar kjem alle dyra til Surnadal kulturhus, og vi kan gi ut tre gratisbilettar til forestillinga.


Klart for skiutfart i fjellet

Elinor Bolme Laurdag 23. januar 2016

I dag har deler av scooterkomiteen i idrettslaget begynt arbeidet med å lage skispor opp frå Øyalia og til skihytta, samt spor frå skihytta over Snekkerdalshalsen til Tristeinane og ned att til Innerdalsmerket. Overraskande nok, var det ikkje så veldig store snømengder på fjellet. Og utpå ettermiddagen vart det også mildare i området med landvind og laussnøen vart tydeleg krammare.


Vinnar av Årets Bilete 2015

Ole Petter Talgø Torsdag 21. januar 2016

Den som har fulgt med dei siste dagane har kanskje lagt merke til at vinnaren av årets bilete 2015 ikkje har vore annonsert enda. Årsaken til det er at vi har valgt å annonsere dette på Todalen.no sitt årsmøte, som vi kjem tilbake med dato for. Vi kan avsløre at det var mindre enn fem stemmer som skilte første- og andreplass.