Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Is og brus på høgkant

Elinor Bolme Tysdag 17. mai 2016

Nok ein 17. mai er på hell, og mange har kanskje trappa ned feiringa. Vi har sett saman eit bildegalleri frå dagens andre arrangement i Todalen, som startar med gudstjeneste, kransnedleggelse, tog og til slutt ein matbit og tale for dagen i Todalen skule.

Vêrguden held fred, og toget fekk gå i opphaldsver og nesten blå himmel frå Todalen kyrkje til skulen. I år hadde dei lokale musikarane fått assistanse frå Surnadal hornmusikk, noko som sette ein ekstra spiss på togturen.

I skulen  venta 17. maikomiteen med rykande varm sodd og kaffe. Også her møtte bygdafolket mannsterke opp, og ekstra bord og stolar måtte setjast inn for å få plass til alle som ville inn. Ungdommane i kioskavdelinga fekk fart på både is og brussalget før det bars ut på skuleplassen med leikar i ulike variantar.

Under er eit bildegalleri frå dagen. Nesten alle foto ElinorB

 

 

Publisert: 17. mai 2016, 19:28