Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biltog og frukost med imponerande oppmøte!

Elinor Bolme Tysdag 17. mai 2016

Det var ein litt grå start på nasjonaldagen, men vêret var slettest ikkje til hinder for eit biltog som nesten slo alle rekordar klokka 10 i dag. Utruleg mange hadde teke turen til Hals for felles tur opp til Gammelfabrikken og deretter nedatt til frukost i Ungdomshuset. Endatil tilreisande var i år å sjå blandt den lange rekkja av bilar som kjøyrte oppover bygda. Da både turistar og heimesjukepleien som kom «midt oppi det» på Kvendset.

Etter snuing på Gammelfabrikken var det fritt fram for den som ville å innta frukosten i Todalen Ungdomshus. Her hadde fotballgruppa dekt på til vel 140 personar, og eit bugnande frukostbord venta svoltne todalingar. Komiteen kunne fortelje at dei selde 130 porsjonar, og etter at dei sjølve hadde sett seg til vart totalen på ca 140 serverte i år. Eit imponerande antall som verkar å vere ganske stabilt frå år til år. Hadde alle som deltok i biltoget svinga oppom Ungdomshuset hadde dei kanskje gått tom for både det eine og andre.

Under er eit bildegalleri frå dagens første  17. mai markering i Todalen med utfyllande bildetekster. Utover kvelden kjem vi med meir frå del to med kyrkje, tog og arrangementet i skulen.

Alle foto ElinorB

 

Publisert: 17. mai 2016, 13:17