Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tusen år ein sommardag

Elinor Bolme Laurdag 21. mai 2016

Slik lyder ei strofe frå salmen « Så stilt som berre vinden snur» som er dikta av Edvard Hoem
Onsdag 25.mai kl.19.30 blir det Vårsongkveld i Ranes kyrkje.
Songkoret Tormod , Young Voices og Tordenskjold Songlag deltek med variert og vakker korsong. Det blir mykje allsong , der vi syng sommarsalmane som vi finn i den nye salmeboka. Her er det mykje fint stoff å gle seg over ; Edvard Hoem har dikta mange av desse songane og fleire av dei er tonesett av Henning Sommero. Tonefylgje til salmane er Karina Kosjanenko på fiolin og Linda Humberset på trompet saman med kantor Oddveig Helset Halle.

image

VELKOMNE til ein fin kveld i Ranes kyrkje melder kantor Oddveig Helset Halle

 

Først publisert: 21. mai 2016, 06:57 - Sist oppdatert: 20. mai 2016, 22:03