Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med auge for fine detaljar, med grov redskap

Elinor Bolme Måndag 16. mai 2016

Gi mannen ein stubbe, ei motorsag, rikeleg med motorsagbensin og eit pussepapir og dei mest utrulege figurar veks fram etter mange timars arbeid. Mange har nok lagt merke til dei ulike figurane som står ved Østødalskrysset og speidar utover Kvennbø. Desse er det Ove Magne Aasen som har laga. Det er nesten freistande å skrive kunstnar Ove Magne Aasen, for her finn ein verkeleg mykje fint handtverk laga med motorsag og time på time med pussing og finjustering.

Ove Magne er sjølvlært, og kan fortelje at det er ytterst få som bedriv denne formen for handtverk her i landet. Motorsag-carving som det heiter på fagspråket er det faktisk berre eit tre fire stykker som driv med, i denne skalaen.

Vi får ei omvisning på gardsplassen, der det er både ferdige og mindre ferdige skulpturar å sjå. Emna ligg i ei røys ved sida av og ein må faktisk få forklart at dei merkelege kunststykkja kjem frå eit «heilt» emne, og ikkje nokre greiner som har filtra seg i hop som ein kanskje kan tru…

På etterjulsvinteren har han jobba ekstra mykje med denne hobbyen. Dette for å få i stand ei utstilling der han får vist fram litt av det som er laga. Den finn no stad i Vindøldalen førstkommande laurdag og søndag. Her vil 28 ulike skulpturar bli utstilt frå bommen ved Pebua og innover. Dessverre for dei som kjem, så er mange av skulpturane allerede solgt, men har vore heldt litt tilbake med tanke på utstillinga. Fleire av figurane skal faktisk inn til Todalen og Gammelfabrikken. Han fortel at Talgø har bestilt mange figurar, men kun av nordiske dyr, som skal utplasserast i terrenget rundt og bak fabrikken.

talgø elefant

Denne elefanter vart spesiallaga til ei av messene Talgø har delteke på. Det var ved lansering av Mørerøyal grå, og imponerte dei fleste som besøkte standen. Foto: Motorsagkunst

 

image

På Lauvås hos Bodil Kvendset står Solan og speidar nedover bygda. Også han er produsert hos Ove Magne, og Bodil bruka ikkje lang tid til å bestemme seg på at DENNE skal eg ha, når flaggstonga vart fjerna i fjor.

Under er eit blidegalleri frå kunstverka som er ferdige, og blir å sjå i Vindøldalen til helga, og nokre som kanskje blir ferdige. Alle foto Elinor B

 

 

 

 

Publisert: 16. mai 2016, 22:36