Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seniorbesøk på Vaagland båtbyggeri

Elinor Bolme Torsdag 5. mai 2016

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre brukar årleg å ha ein tur til ei bedrift. Og seniorane har alltid blitt tatt i mot med stor velvilje. I år er det Vaagland Båtbyggeri i Halsa som er turmålet, onsdag 11.mai kl 1000 – ca 1200. Frammøte på parkeringsplassen framfor bedrifta!

Vaagland Båtbyggeri er ei nøkkelbedrift i Halsa, med ei historie tilbake til 1927, og med rundt 40 tilsette. Her blir det drive både nybygging, ombygging og reparasjon av båtar til fiskeri, til frakt og til spesialoppdrag. Deltakarane på besøket vil først få ei orientering i kantina, og så bli med på ei omvisning på verftsområdet.

For senioruniversitetet må det vere interessant å få eit innblikk i korleis utviklinga har vore i ei slik bedrift sidan mellomkrigstida. Og ikkje minst: korleis greier bedrifta seg i desse dagar – med oppseiingar og innstrammingar langs store delar av Vestlandskysten?

Publisert: 5. mai 2016, 15:00