Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3612 artiklar i dette arkivet.


Linnéa Myhres «Evig søndag» til Surnadal 30. november

Jon Olav Ørsal Fredag 22. november 2019

Livet som blogger er glamorøst – sett fra utsiden. På innsiden av boblen går livet med til å telle minutter til det er lov å innvilge seg noe å spise, eller å ta sovemedisin, til dagen er over. Til dagene er over. Teatret Vårt har, i samarbeid med Den Nationale Scene, dramatisert Linnéas Myhres roman «Evig søndag» – et brutalt ærlig teaterstykke om å telle kalorier og vente på vendepunktet.
Følelsen av å verken være verdifull eller viktig stenger venner og familie ute. Livet handler om å vente – på å bli tynnere, eller på likes og kommentarer på sosiale media. Helt til noe tilsynelatende umerkelig, uvesentlig og uventet skjer. Noe gjør det mulig å finne igjen seg selv.


Ny fotballeiar i IL Søya

Elinor Bolme Måndag 18. november 2019

I forrige veke hadde IL Søya sitt halvårsmøte kor det er fotballgruppa som har sitt årsmøte. Den sittande leiaren Leif Magne Andersen tok ikkje gjenvalg etter to år i leiarstolen, men valgnemda fekk på plass ein rutinert fotballentusiast i Torgeir Kvendset.


Yrande liv på skøyteisen

Elinor Bolme Sundag 17. november 2019

Skøyteisen på Bordholmen var frå tidleg på formiddagen til seint på ettermiddagen invadert av ivrige unge og vaksne på skøyter i dag. Mange var nok litt gjeralause sida straumen var utkobla, og rolege inneaktiviteter var utilgjengelige.  Frå klokka 14 hadde Knut Bergli annonsert enkel ishockeytrening med spisskompetanse frå Braat IL og Janis Balandis. Da vart […]


Nye 4H-merker utdelt

Elinor Bolme Laurdag 16. november 2019

Fleire tok turen til Start 4H sin haustfest i dag. Haustfesten er avslutninga på 4H medlemmane sitt arbeidsår, der dei presenterer både sine prosjekt og klubbens aktivitet. Klubben har gjennom året arrangert både medlemsmøter, plastinnsamling, LAN og dugnad på Toåa Tursti.


Søyabasar på søndag

Elinor Bolme Torsdag 14. november 2019

IL Søya arrangerer basar i Myrvang søndag 17.nov kl 17.00.  Fotballgruppa markerer avslutning på sesongen denne dagen med deltakardiplom til alle spelarane på dei aldersbestemte laga. I tillegg vil trimgruppa trekkje ut premier frå årets trimbøker.


God servering og godt samvær

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. november 2019

Todalen sanitetsforening inviterte eldre sambygdingar til middag i sanitetshuset tysdag 12. november; eit kjærkome tilbod for mange! Det er godt å samlast til felles måltid og prat.


Sunndal mållag feirar 100 år med spesiell julekonsert

Dordi Jorunn Halle Fredag 8. november 2019

Sunndal Mållag feirar i år 100 år og ønskjer å markere dette med å gje nordmøringane ei litterær og musikalsk førjulsoppleving. Edvard Hoem og dottera Ine kjem til Sunndal kulturhus den 17. desember kl. 19:00 og held ein heilt spesiell julekonsert.


Fredfull kveld Nordvik vant månadens bilete

Mari B. Redalen Torsdag 7. november 2019

Svein Volle med det fine bilete fra Nordvik vant månadens bilete, og sikra seg ein av dei siste plassane i kampen om å bli årets bilete på Todalen.no


Middag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. november 2019

Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening melder at det blir middag for folk i bygda igjen. Middagen blir i Sanitetshuset tysdag 12. november kl. 14.00.


SJFF inviterer til innendørstrening

Elinor Bolme Tysdag 5. november 2019

Jaktskyttarutvalget i Surnadal Jeger og Fiskerforening ønsker alle nye og gamle medlemmer velkommen til innendørs trening på Angråmyra kvar tirsdag kl 18.00.


Snødronningen

Steinar Hasselø Måndag 4. november 2019

Eventyrleg musikkteater for heile familien på Surnadal kulturhus fredag 15. november. Bli med Gerda på ei reise gjennom farar og store hinder for å redde bestevenen frå forbanninga frå Snødronninga! Korleis kan det gode vinne fram når det ser som mørkast ut?


Ein unik sjanse av dei sjeldne

Elinor Bolme Sundag 3. november 2019

12. november vinkar Arthur Snekvik farvel til sambuar Inger Grytskog, vesle Ingrid og øvrig slekt og venner for å tilbringe 13 månader i Antarktis, nærare bestemt forskningsstasjonen Troll. Her skal han saman med fem andre drifte den norske forskningsstasjonen som ligg om lag 235 km frå kysten, i Jutulsessen i Dronning Maud Land. 1500 mil heimafrå.