Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt konsept i Todalen: M&M’s -massasje og musikk i fjøset

Elinor Bolme Torsdag 26. mars 2020

Ulike yrkesgrupper er no heilt eller delvis utestengt frå arbeidsplassen og jobbane sine grunna koronaviruset. Ei av desse er Nina Ryan Braaten som til dagleg er massør ved Atleta AS på Skei. Ho har derfor tenkt utradisjonelt, og sendt alle med dyr i bygda eit tilbud om å massere desse, i alle kategoriar, store som små.

Ein som responderete kjapt på meldinga var Håvard Halset. Han bestilte like godt massasje på alle 22 kyrne sine! -Når ein ser korleis dei responderer på dette kan vi ikke stoppe etter berre fire stykk liksom, da blir det styr blant desse damene, flirer han medan klassisk musikk strømmer ut gjennom høgtalaranlegget i fjøset.

Det er i fleire land hevda at massasje har påvirkning for mjølkeproduksjonen også, fortel Håvard. Medan ein kobebiff i Japan lett går for 10 000 kr pr kilo nettopp fordi myta seier dei er oppfostra både på øl, massasje og klassisk musikk.

For Nina så er ikkje produksjonen det viktigste. -Det blir sagt at det har god effekt, men for meg blir det berre ein bonus. Det er heilt fantastisk å få kontakt med dyra gjennom massasje. Eg kjenner at dei sonar ut, og puster djupare. Det tror eg vi alle har godt av innimellom. Eg har ein utrolig takknemlig jobb, da massasje gir umiddelbar respons. Og responsen er alltid positiv! smiler ho.

Det var heilt tydeleg at behandlinga hadde påverka kyrne. Litt salig i blikket blir de fleste ved god massasje.

-Er det min tur snart?? Håvard må gå i mellom med litt kosing slik at Nina ikkje blir forstyrra. Nr 0592 er av det nysgjerrige slaget og legg seg borti det meste.

I mjølkerommet finn vi også Stine Grytskog. Ho er avløysar hos fleire bruk i Todalen og på Nordvik, og var akkurat ferdig med mjølkinga hos Håvard.

Publisert: 26. mars 2020, 11:18