Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei påskehelsing utan krim

Guro Redalen Laurdag 4. april 2020

Her om dagen minte facebook meg på påska i 2018. Ei påske som ifølge min eigen skrytepost med bildedokumentasjon inneheld «Bakels og boinning. Kaffe på Kloppa og dei gamle fjell i syningom.» Og påska 2020 skulle nok òg å ha inneheld desse personlege favorittane, men slik blir det ikkje.

Minner fra påska 2018….

I år blir det bypåske og åleine påske. Eg har alt passer veke tre på heimekontor, og arbeid, fritid og helg skjer på 38 kvadrat med moglegheit for kjappe lufteturar ved Akerselva. Til dagleg jobbar eg i Noregs Ungdomslag, og arbeidsdagane går mykje med å jobbe politisk opp mot å sikre kompensasjon for laga våre rundt omkring i landet. Og særleg når det kjemt til inntekter av utleie av ungdomshuset, avlyste basarar og loppemarknader og anna lagsaktivitet som fell utafor det Kulturdepartementet har skissert opp så langt kan få erstatning. Eg håpar vi vinn fram, og at det kanskje òg kan gagne aktiviteten for organisasjonane i Todalen. For sjeldan har eg lengta meir til basarsøg med åresal eller allsong med Hjortviså enn akkurat no.

Trikset på korleis få rett høgde på maskina til ein meir flatterande høgde på videomøte: bruk brødboksen!

Men no preikar eg meg bort. For det eg eigentleg skulle fortelja om var at det dessverre ikkje blir påskekrim i år. Eg hadde skrive han så og seie ferdig, men i innspurten endra alt seg. Og når eg las plottet og historia med midten av mars-briller så passa ikkje ideen som kom tidleg januar. Etter å ha prøvd meg på lett omskriving og andre variantar måtte eg til slutt gi opp og kaste inn skrivehandkleet. Det får bli til neste år, sjølv eg kan forstå at er det ei påske vi treng lett underhaldning, så er det i år.

Til slutt så vil eg kome med ei oppmoding om å sende ei helsing gjennom todalen.no og fortelje om korleis de har det i påska. Alltid kjekt å sjå kjentfolk, og no som vi ikkje kan treffast så hadde det vore ekstra stas!

Ha ei riktig god påske med klårt hovud, varmt hjarte, reine hender og god helse!

Beste helsing Guro

 

 

Først publisert: 4. april 2020, 04:02 - Sist oppdatert: 3. april 2020, 23:09