Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ansnessetra og Ansnesleigmålet fra historielaget

Scannarpatrulja ved Ingri og Ragnhild Måndag 23. mars 2020

Pga koronaviruset er nesten all aktivitet utsett eller avlyst, og det blir mindre å skrive om for todalen.no. I det høve vart skannarpatrulja spurt om vi kunne leggje ut bilete på nettsida ei stund framover.

Vi har sett saman bilete av setrene/hyttene og folk i ulike motiv frå kvart leigmål. Frå nokre leigmål har vi mange bilete, frå andre finst det lite i arkivet. Håpet vårt er at dette arkivet kan bli så omfattande som muleg, det er mykje historie frå ei tid der setra og seterdrifta var særs viktig for forfedrane våre. Vi håpar at når vi har fått normale tilstandar, tek de kontakt med oss, og så kan vi kanskje få arkivet så stort og mangfaldig som det let seg gjera. Vi har ei fantastisk bok om setrene og seterlivet i Todalen som Bernt Bøe har forfatta. Henvend deg til Todalen historielag så får du kjøpt boka.

Vi startar med Ansnessetra og Ansnesleigmålet.

Vi har skanna for historielaget i 10 år og arkivet begynner å bli stort og omfattande, men tak gjerne kontakt, arkivet kan bli enda større. 

Viss du finn faktafeil og har andre opplysningar om bileta, ta gjerne kontakt med ingri.bruset@gmail.com eller ragnhild.ansnes.moe@pipelife.com

Helsing Ingri og Ragnhild 

 

Publisert: 23. mars 2020, 21:39