Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommartid – hugs å stille klokka i natt

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2020

Natt til søndag 29. mars er det på tide å stille klokka ein time fram til sommartid.  Det skje kl 02, og da stiller du klokka ein time fram til klokka 3.  Er du i tvil om klokka skal stilles fram eller tilbake, så er det ein grei regel å hugse på at ein alltid skal stille klokka mot sommaren – altså fram om våren og tilbake om hausten.

På Wikipedia er sommartida omtala på denne måten:
Sommartid er den delen av året der klokka blir stilt fram ein time i forhold til normaltid. Fleire land har innført dette for å utnytte dei lyse delane av døgnet. Sommartid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje tatt i bruk før første verdskrigen; Tyskland var først ute i 1916, og deretter følgde Storbritannia. Tanken var å utnytte betre sommarmånadene med lys ein time ekstra om kvelden, og minske energibruken. Energisparing betydde mindre i dei industrialiserte landa i seinare tid, men kan få ny betydning under truslane om klimaskifte. Sommartid vert nytta i dei tempererte stroka i verda, i tropane varierer dagen så lite at det er lite praktisk der. I Europa var det i 2017 berre Island, Russland og Kviterussland som ikkje hadde sommartid

Les meir om sommartid på Wikipedia

Publisert: 28. mars 2020, 17:26