Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heimekontora rundt om

Elinor Bolme Onsdag 25. mars 2020

Vi har no fått inn nokre fleire bidrag i serien vår om ulike heimekontor. Som de ser er det ulik grad av arbeidd som blir gjort, men alle bidrar til å forhindre spreiing av koronaviruset på sitt vis. Messi Batman som er hytteflyktning frå Grytåfeltet tek livet på Kvilbu med stor ro, men er nok likevel ein viktig brikke til at dei isolerte kosar seg.

Resten av gjengen på Kvilbu med mor Ingvild Kårvatn, far Halvor Drøpping, Isak og Matias er så heldige å ha heimekontor, skule og barnehage på hytta i eigen heimkommune. Heldigvis er det snø ute for ymse skiaktivitetar, og med spel og togbane går tida unna inne også, fortel Ingvild

Vi har også fått ei helsing frå Marit Lediard, ein av lærarane ved Todalen skule som no underviser elevane sine på nett heimefrå.

Hei frå frøken Marit. Eg er lærar for 5.-7. trinn på Todalen Oppvekstsenter og har heimekontor ved kjøkkenbordet på Honnstad. Eg savnar elevar og kollegaer, men heldigvis har vi digitale verktøy som hjelper oss med å halde kontakten. Eg må seie eg er svært imponert korleis elevar og foreldre taklar den nye «kvardagen». Sjølv med tekniske problemer, så er humøret godt og det varmar eit lærarhjarte all den positive tilbakemeldinga vi får. Takk:) Stå på og vær snille med kvarandre🥰

På Halset sitt Håvard Halset og bistår sine 50 elevar på Voksenopplæring og integreringa i Surnadal kommune.

-Eg har kjøkkenbordet som base, og har fått ei litt bratt læringskurve med den digitale plattforma Teams som vi brukar for å gi opplæringa gjennom. Men med IT-ansvar er det berre å hive seg (enn litt motvillig) i  det…

 

Medan Berit Kårvatn no har gått laus på restegarnkorga si. Her ser det kanskje ut til at ein liten fot får oppgradert lestbeholdninga si. Om ho går tom for restegarn er det sikkert rå for å få levert fleire «garnkakkar»  (uttrykk frå Ålvundfjorden) frå andre overskuddslager i bygda…

 
Publisert: 25. mars 2020, 19:42